Sikre deg plass i vaksinekøen - 15.02.2021

- Når me no startar opp med massevaksinering er det uhyre viktig at folk registrerer seg for å bli kalla inn til koronavaksinering. Om du ikkje registrerer deg så risikerer du å falle ut av prioritert rekkjefølgje, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid Steinsbø Halbmayr som er vaksinekoordinator i Bømlo kommune.

Per 15. februar 2021 har 123 personar i Bømlo kommune fått både dose 1 og 2 slik at dei er ferdigvaksinert mot covid19. I alt 487 personar har fått 1. dose. Denne veka, altså veke sju, skal 78 personar få dose 1 komande onsdag, og ytterligare 78 personar vil bli fullvaksinert med 2 dosar. Me reknar med å få beskjed om kor mange dosar me får tilsendt i veke ni når det nærmar seg helga. Neste veke er det berre dei som skal ha dose to som får vaksine. 

- Alle i aldersgruppa over 85 år som bur på institusjon og ein del helsepersonell er no fullvaksinert. I veke ni har me per no ikkje fått tilsagn om nokon dosar, så då vert det ein vaksinepause, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid Steinsbø Halbmayr.

Registrer deg her for koronavaksine

Hastar med registrering

Ho fortel at den digitale registreringa for at personar skal bli kalla inn til å få vaksine fungerer bra, men at det er for få som til no har registrert seg. Per dato er det 4353.

- Det er viktig at flest mogleg registrerer seg slik at me får logistikken til å gå opp, ikkje minst slik at me får vaksinert i tråd med listene over prioriterte grupper, understrekar Steinsbø Halbmayr.

Ho forklarar at talet vaksiner kommunen får tildelt vert lagt inn i systemet. Ut frå dette talet vil det bli gjort eit tilfeldig uttrekk av dei som ligg etter tur i FHI sine prioriteringar, til dømes etter alder. Om du ikkje har registrert deg vil andre rykkja fram i køen.

- Du kan dermed risikere å falle ut, og får ikkje vaksine i den tida du skal ha det, understrekar Steinsbø Halbmayr. Vaksineteamet har ikkje kapasitet til å ringja rundt til alle, og me er difor avhengig av at registreringssystemet fungerer. Om du har falle ut av systemet, kan du ta kontakt i ettertid for så å bli sett opp for vaksinering snarast.

Om du har problem med å få registrert deg kan du ringa Vaksinetelefonen 53 42 30 02 kvardagar klokka kl. 09.00-11.30.

FHI publiserer statistikk over antal dosar satt per kommune både dose 1 og 2. Oppdaterast dagleg kl. 13.00

Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland  

Til toppen