Smittevernreglar for konfirmasjonsselskap

Mange lurer på kva smittevernreglar som gjeld for konfirmasjonsselskap. Det er kanskje ikkje så lett å tolka forskrifta og/eller tilrådingane, og det kan kome nye tiltak, restriksjonar eller letter før mai. Kommunen følgjer dei nasjonale reglane og tilrådingane, men får ikkje førehandsvarsel og må vente på kunngjeringar frå regjeringa. 

- Det har kome fleire henvendingar om kva regelverk som gjeld for selskap i samband med konfirmasjon. Det er diverre svært vanskeleg å føresjå kva som blir situasjonen i mai, men signal frå regjeringa så langt tyder at det vil vere restriksjonar også dei komande månadane, seier smittevernlege Kjersti Follesø.

Gjeldande regelverk

Regelverk for arrangement og samankomster er regulert i Covid-19-forskrifta. I § 13 står det definert kva som er rekna som eit arrangement. Private samankomster er lista opp som ein form for arrangement i § 13 første ledd bokstav f. Med private samankomster meiner ein "sammenkomster for familie, venner og bekjente eller sosiale samlinger i tilknytning til arbeid eller skole, inkludert tilstelninger etter seremonier" og "fester". 

«Som arrangement regnes likevel ikke private sammenkomster med 10 eller færre deltakere som avholdes i de delene av et serveringssteds lokaler som samtidig holdes åpent for allmennheten. Som arrangement menes likevel ikke private sammenkomster kun for medlemmer av samme husstand.»

- Det er difor diverre slik at det pr. første mars i år ikkje er opna for å ha konfirmasjonsselskap med fleire enn 10 deltakarar innandørs (20 utandørs) på offentleg stad. For samankomster i privat heim er det ei tilråding at ein ikkje bør ha meir enn 5 gjester i tillegg til dei som bur i husstanden. Avstand på minst ein meter skal haldast i alle tilfelle, opplyser Follesø.

Til no har det ikkje vore høve til å gjere lokale oppmjukingar av regelverket, men det er ikkje utelukka at det kan bli endra dersom smittesituasjonen endrar seg. Kommunen får ikkje førehandsvarsel, og må vente på kunngjeringar frå regjeringa. 

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen frå Regjeringa

Hugs at det skal førast lister over deltakarar for å letta eventuelt smittesporingsarbeid.

Last ned skjema for Oversikt deltakarar private arrangement (DOCX, 31 kB)

Last ned skjema for Oversikt deltakarar arrangement i forsamlingslokale (DOCX, 47 kB)

NB: Arrangør/innehavar er ansvarleg for listene og å halda seg oppdatert på gjeldande reglar til ei kvar tid.

FHI – Arrangement, samlingar og aktivitetar

Helse Norge - nasjonale reglar

Til toppen