Vaksinasjon etter gjennomgått covid-19

Folkehelseinstituttet tilrår at vaksinedosen avventast til 3 månader etter du er frisk, då eit lenger intervall gir betre effekt av vaksinasjon.

Oppfølgingsstudier viser at vernet etter gjennomgått infeksjon er høg dei første 6 månadene og du kan derfor velge å avvente opp til 6 månader før vaksine gis. Dersom det går meir enn 6 månader mellom gjennomgått infeksjon og vaksine vil du fortsatt reknast som fullvaksinert med kun éin vaksinedose. Dersom dosen gis tidlegare enn 3 månader vil den likevel vere gyldig, og du reknast som fullvaksinert, så lenge det er meir enn 3 veker mellom positiv test og vaksinasjon.

For tilrådingar om vidare vaksinasjon etter gjennomgått sjukdom - sjå flytskjema.

Til toppen