Dei nye virusvariantane som dominerer no er meir smittsame enn tidlegare. Husstandsmedlemmer til nærkontaktar blir difor sett i ventekarantene til første prøvesvar for nærkontakten ligg føre. Ventekarantene er ikkje lovpålagt, men er ei sterk oppmoding. Når ein person er definert som nærkontakt blir denne testa med ein gong, for å sjå om fleire allereie kan ha blitt utsett for smitte. Etter nasjonale retningsliner blir ventekarantene oppheva når det første prøvesvaret ligg føre utan påvist smitte, og her ligg ein risiko.