Koronavirus - informasjon

Siste nytt om koronasituasjonen

Vaksinetelefon
53 42 30 02

Ope kvardagar kl. 13.00-15.00
Vaksinering skjer onsdag og torsdag.

Vaksineregistrering

Les meir om opningstider i sommar

Koronatelefon
53 42 30 01

Ope måndag-onsdag-fredag

Tlf.tid: 08.30-11.30. Testing frå kl. 12.00

Information in other languages

 

Testing og svar

Bømlo kommune har eigen koronatelefon med nummer 53 42 30 01 Koronatelefonen har ope måndag, onsdag og fredag 08.30-11.30. 

Men før du ringer – sjekk deg på www.koronasjekk.no

Dersom du treng legehjelp – kontakt din fastlege – legekontor eller interkommunal legevakt etter klokka 14.30.

NB: Ha personnummer klart for dei som skal testast.

Opningstider Koronatelefonen og testing

 

Koronatelefon: måndag, onsdag og fredag kl. 08.30-11.30

Testing: måndag, onsdag og fredag frå kl 12.00

Eige mottak

På dagtid har me oppretta eit eige mottak for luftvegsplagar ved gamle Bremnes ungdomsskule for dei som skal sjekkast. Personar som har spørsmål om korona kan ringje måndag, onsdag og fredag kl 08.30-11.30. Besøksadresse: Svortlandsvegen 66, 5430 Bremnes

NB: Særleg måndag morgon er det stor kø, så ein må anten belage seg på venting eller ringje litt meir utpå dagen. Me vil gjere vårt for å ta imot alle som ringjer så snart det er ledig. Ha personnummer klart for dei som skal testast.

Telefonen vert handtert av helsepersonell, og vil gje deg god rettleiing, og vurdere behov for testing og eventuelt vidare konsultasjon med fastlege.

Om du av ulike grunnar ikkje kan nytte deg av telefonkonsultasjon, ber me deg bestille videokonsultasjon med legen din. Dette kan du bestille skriftleg til legen din via ID innlogging på www.helsenorge.no

Det er viktig å presisere at du ikkje må møte opp på legesenteret – men ringje fyrst.

Kva skal du gjera viss du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med koronavirus?

Koronatest - få svar direkte på mobilen din

Frå 14. desember får du sms-svar på koronatesten din direkte på mobilen. Du må ha oppretta ein brukarkonto på helsenorge.no for på få tilgang til tenesta.

Tidlegare måtte ein logga seg inn på helsenorge.no for å få svar på avlagt koronatest. Mange logga seg inn på prøvesvarsida fleire gongar for å få svar på sin prøve. No kan du altså få eit varsel til mobiltelefonen din eller e-posten din når prøvesvaret er klart. Då slepp du å logga deg på tenesten fleire ganger fordi du er spent på resultatet.

Du kan avgjere om du vil ha varsel på SMS eller e-post, eller begge deler.

Dette gjør du ved å endra dine innstillingar på helsenorge.no/kontaktinformasjon.

Lær meir om ordninga på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Dokumentasjon av negativ Covid-19-test 

Koronasentralen har hatt ei auke i førespurnader om testing og dokumentasjon av negativ Covid-19-test før arbeids-eller feriereise til utlandet. Det er diverre ikkje kapasitet til å halde fram med ei slik teneste, og det er heller ikkje ei teneste som fell inn under offentleg finansiering. Dei som treng test på grunn av krav frå arbeidsgjevar eller nasjonale mynde i andre land, kan vende seg til bedriftshelsetenesta eller til private helsetenester som tilbyr testing.

 

open parkeringsolass føre luftsvegsmottaket gamle bremnes ungdomsskule. Foto. - Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland  

Til toppen