Testing og svar

Bømlo kommune har eigen koronatelefon med nummer 53 42 30 01. Koronatelefonen har ope måndag-fredag 08.30-11.30 og 13.00-14.30. Men før du ringer – sjekk deg på www.koronasjekk.no

Dersom du treng legehjelp – kontakt din fastlege – legekontor eller interkommunal legevakt etter klokka 14.30.

NB: Ha personnummer klart for dei som skal testast.

Eige mottak

På dagtid har me oppretta eit eige mottak for luftvegsplagar ved gamle Bremnes ungdomsskule for dei som skal sjekkast. Personar som har spørsmål om korona kan ringje kvardagar kl. 08.30-11.30 og 13.00-14.30.

NB: Særleg måndag morgon er det stor kø, så ein må anten belage seg på venting eller ringje litt meir utpå dagen. Me vil gjere vårt for å ta imot alle som ringjer så snart det er ledig. Ha personnummer klart for dei som skal testast.

Telefonen vert handtert av helsepersonell, og vil gje deg god rettleiing, og vurdere behov for testing og eventuelt vidare konsultasjon med fastlege.

Om du av ulike grunnar ikkje kan nytte deg av telefonkonsultasjon, ber me deg bestille videokonsultasjon med legen din. Dette kan du bestille skriftleg til legen din via ID innlogging på www.helsenorge.no
 
Det er viktig å presisere at de ikkje må møte opp på legesenteret – men ringje fyrst.

Kva skal du gjera viss du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med koronavirus?

Koronatest - få svar direkte på mobilen din

Frå 14. desember får du sms-svar på koronatesten din direkte på mobilen. Du må ha oppretta ein brukarkonto på helsenorge.no for på få tilgang til tenesta.

Tidlegare måtte ein logga seg inn på helsenorge.no for å få svar på avlagt koronatest. Mange logga seg inn på prøvesvarsida fleire gongar for å få svar på sin prøve. No kan du altså få eit varsel til mobiltelefonen din eller e-posten din når prøvesvaret er klart. Då slepp du å logga deg på tenesten fleire ganger fordi du er spent på resultatet.

Du kan avgjere om du vil ha varsel på SMS eller e-post, eller begge deler.

Dette gjør du ved å endra dine innstillingar på helsenorge.no/kontaktinformasjon.

Lær meir om ordninga på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

open parkeringsolass føre luftsvegsmottaket gamle bremnes ungdomsskule. Foto. - Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland  

Til toppen