Vil du ta koronavaksine?

Vaksineringa er starta i Bømlo kommune. Vaksinen er gratis og friviljug.

For å bli innkalt til vaksinering, må du vere registrert. Du kan registrere deg her:

Vaksineregistrering

NB: Gi opp mobiltelefonnummeret for å kunne motta stadfesting på sms.

For å registrere deg treng du bankID eller bankID på mobil. Dersom du sjølv ikkje har det, kan du få hjelp av verge eller pårørande, arbeidsgjevar, tilsette på institusjon eller andre som kan tinga time for deg.

Du kan hjelpe andre med å registrera seg

Det er mogleg for deg å hjelpe andre som du til dømes er pårørande eller verge til. Du må då kjenne heile personnummeret til vedkomande. Dersom du registrerer for andre nyttar du din eigen bankID (bankID må ikkje bli gitt til andre).

Dersom du treng hjelp til å fylla ut registreringsskjemaet, finn du ei grundig rettleiing her (PDF, 2 MB)

Dersom dette ikkje er klart nok, kan du ta kontakt med

Bømlo vaksinetelefon 53 42 30 02

Opningstid kvardagar kl. 09.00 til 11.30

Besøksadresse: Svortlandsvegen 66, 5430 Bremnes

Dersom du oppdagar at du har lagt inn nokre feil data i registreringa, er det ikkje noko problem. Då kan du berre gå gjennom registreringa på nytt og den gamle vert sletta.

NB: Du skal ikkje kontakta fastlegen din for å få koronavaksine.

Det kan ta noko tid før du vert innkalt til vaksinering – avhengig av når vaksinene kjem til kommunen og kva kategori i prioriteringa du tilhøyrer. 

Det å være rask til å registrera seg, betyr ikkje at ein kjem først i køen. Rekkjefølga på dei som vaksinerast følgjer av kva kategori i prioriteringa du tilhøyrer. Men det å registrera seg for seint, kan gjere det vanskeleg å få vaksine saman med dei andre som høyrer til same kategori. Dersom du veit at du ønskjer vaksine, er det derfor like greitt å registrera seg med ein gang.

Viktig å halde avtalen

Når du får  tidspunkt for vaksinering, er det viktig at du held deg til det. Vaksinen har kort haldbarheit. Det er difor viktig at alle tar den på oppsatt tid, slik at ingen vaksinedoser går til spille.

To datoar og to vaksiner

Du blir tildelt to timar fordi du skal ta to vaksinedoser. Vaksine nummer to skal takast tre veker etter den første. Det er svært viktig at du tar begge dosane, og at du møter opp på dei datoene du får tildelt slik at det blir rett tidsintervall mellom dosane.

Meir informasjon 

Les meir om Steg for steg koronavaksine og på Folkehelseinstituttet si nettside om koronavaksine

Kontakt

Treng du hjelp til å registrera deg, kan du ringe Bømlo vaksinetelefon på 52 42 30 02

Kontakt leiande helsesjukepleiar

Liv Turid S. Halbmayr

Telefon: 53 42 33 35

E-post: liv.turid.halbmayr@bomlo.kommune.no

open parkeringsolass føre luftsvegsmottaket gamle bremnes ungdomsskule. Foto. - Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland  

Til toppen