Smittetal

Her vil du finne oversyn over tal smitta per månad i Bømlo kommune. Sida vert oppdatert ein gong per veke.

 

FHI - Statistikk om koronavirus og covid-19

Om rapportering av smittetal

11. mars 2020 erklærte WHO spreiinga av koronaviruset som ein pandemi. På det tidspunktet var det allereie utbreidd smittespreiing i Noreg, og landet stengte ned. Sidan har det vore stort fokus på smittetal og kvart einskild smittetilfelle, og det har vore gjort eit stort arbeid for å finne alle smitteeksponerte og hindre dei i å smitte vidare. Frå 25. september 2021 har me gjenopna samfunnet. Eit stort fleirtal av den vaksne befolkninga er no fullvaksinert, og sjølv om fullvaksinerte òg kan bli smitta, så viser erfaringa at vaksinen vernar godt mot alvorleg sjukdom, og at smitten sjeldan spreier seg til andre enn dei næraste blant vaksinerte.

Koronaviruset er no eitt av mange virus som kan gi alvorleg sjukdom, og det vil ikkje forsvinne. Barn får i liten grad alvorleg sjukdom, og vaksne har tilbod om vaksine som gir vern. Det er difor ikkje lenger føremålstenleg å leite etter alle smitta, og å sette alle nærkontaktar i karantene. Me må tole at smitten vil vere blant oss utan at vi veit kor og hos kven, men me må følgje smittevernråda om å halde oss heime når me er sjuke og ha god hand- og hostehygiene. Uvaksinerte vil framleis ha auka risiko for alvorleg sjukdom, og må ta omsyn til det.

Mange vaksinerte er redde for biverknadar av vaksinen. Desse skuldast i hovudsak at kroppen sitt immunforsvar reagerer på vaksinen. Same type reaksjon, men mykje kraftigare, får ein ved smitte, og risikoen for komplikasjonar er langt høgare ved sjukdom enn ved vaksinasjon. På lang sikt må ein rekne med at dei fleste vil bli eksponert for smitte med koronaviruset, og det er difor ei klar oppmoding om å ta vaksine for dei som enno ikkje har gjort det.

På bakgrunn av dette ser me det ikkje lenger som føremålstenleg å presentere kvart einskild smittetilfelle som ei nyhende. Bømlo kommune vil oppdatere smittetala kvar veke. For dei som vil følge med dagleg blir smittetala publisert på FHI sine nettsider (NB: det kan vere små skilnadar i tal).

Til toppen