Testing i staden for karantene for barn og unge

Barn og unge under 18 år som er nærkontakt til ein som er smitta, kan gjennomføre testing i staden for å gå i smittekarantene. 

Dette gjeld viss nokon i gruppa i barnehagen, klassa på skulen, fritidsaktiviteten eller omgangskretsen er smitta. Husstandsmedlemmar, kjærastar og tilsvarande nære kontaktar til den smitta må framleis i karantene. Unntaket frå smittekarantene ved testing gjeld generelt, både i skuletida og på fritida. Kommuneoverlegen kan i særlege tilfelle likevel setje grupper i karantene om smitterisikoen er høg. 

Ved melding om smitte der ditt barn er nærkontakt går barnet i karantene og du får melding om tidspunkt for hurtigtest ved koronasentralen. Ved positiv test vil du bli oppringt av koronasentralen umiddelbart. Har du ikkje høyrt noko innan to timar etter testing kan ein rekne testen som negativ. Barnet kan då koma attende til barnehagen/skulen. Føresetnaden er at barnet følgjer rutine for heimetesting som vert utlevert ved fyrste test på sentralen. Rutine og introduksjonsfilm finn du under.  

Retningslinjer for personar 13-18 år (ungdomsskule og eldre):

Test 1:

• Nærkontaktar vert testa raskast mogleg, helst på dag 1

• Nærkontakten må vere i karantene fram til testsvaret er klart

• Dersom testen er negativ, kan ein koma i/på barnehage eller skule

Test 2 og 3: 

• Skal takast på dag 3 og 5 – du får beskjed om kva dagar dette er i instruksen for heimetestinga

Retningslinjer for barn i BARNEHAGE og BARNESKULE:

Test 1:

• Nærkontaktar vert testa raskast mogleg, helst på dag 1.

• Nærkontakten må vere i karantene fram til testsvaret er klart

• Dersom testen er negativ, kan ein koma i/på barnehage eller skule

Test 2: 

• Skal takast dag 3-5 – du får beskjed om kva dag dette er i instruksen for heimetestinga

Slik gjer du det

Dersom ditt barn er nærkontakt til ein som er smitta, vil du bli kontakta av barnehagen/skulen. Då får du moglegheit til å velje testing i staden for 10 dagar smittekarantene for ditt barn. 

Det du treng for å ta testen vil bli delt ut på koronasentralen. Då vil du også få med eit eige informasjonsskriv der det står kva dag du skal ta dei ulike testane. 

Me har laga ein video som viser korleis du skal ta testen med barnet ditt, og under finn du også den skriftlege rettleiing som vil bli delt ut i lag med testen. 

Sjå videoen her Sjå videoen her - ARABIC Sjå videoen her - TIGRINJA

Basert på tillit

Systemet er basert på tillit, og det er ikkje krav om å vise bevis på negativ test, men me forventar at alle ventar på svar før ein kjem attende til barnehage/skule. De tek hurtigtesten på morgonen før ein går i barnehage/skule og skule.

Dersom barnet får positiv test, viser teikn til sjukdom, også milde symptom som t.d. snue eller sår hals, skal det straks i karantene, og de må kontakta Koronatelefonen 53 42 30 01.

Rettleiing for å ta hurtigtest heime (PDF, 218 kB)

 

Definisjon av mistenkt, sannsynleg og bekrefta tilfelle av covid-19, samt definisjon av nærkontaktar.

Informasjon om kven som bør i karantene eller isolering, og råd om korleis dette skal gjennomførast.

Til toppen