Jodtablettar / radioaktivt nedfall

Radioaktiv forurensning og stråling kan gje helseskadar. Kriseutvalget for atomberedskap vil komma med råd eller pålegg om korleis me kan beskytta oss, dersom ei atomhending rammar oss.

Jodtablettar på apoteka

Reseptfrie jodtablettar er til sals på norske apotek. Myndigheitene tilrår at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper tablettar for heimelagring. Tablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, men skal berre takast etter råd frå myndigheitene.

På Fylkesmannen si nettside finn du supplerande opplysningar om jodtablettar ved atomulukker.

Informasjon frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet "Hva kan jeg gjøre?"

Til toppen