Fiske og akvakultur

Oppdrett - Klikk for stort bilete Foto: Magne Raknes

Kyst og havfiske
Fiske og fangst har i heile Noreg si historie vore eit viktig grunnlag for busetting langs kysten. I kyst- og havområda har fiske, fisketilverking og eksport av fisk vore hovudnæringar, så også på Bømlo.

Bømlo er ein stor fiskerikommune. Det er registrert 125 fiskefartøy i kommunen, ni av desse er større havfiskefartøy. Om lag 25% av den pelagiske, norske trålkvoten høyrer til på Bømlo, det er dei siste åra investert mellom 5-600 mill kroner i kvotar og fartøy. Fiskarmanntalet, blad B syner at det er registrert 153 fiskarar i kommunen.

Havfiskefartøya legg att store verdiar i lokalsamfunnet der dei har hamn, ein reknar at kvart fartøy legg att mellom 5 og 10 mill. kroner i varer og tenester. Ein kan rekna at heile flåten i Bømlo totalt legg att mellom 60-70 mill. kroner årleg i underleveransar (tal frå «Fiskebåt», havfiskeflåtens organisasjon). Fisket varierer frå år til år, i 2013 omsette dei havgåande fartøya for over 250 mill kroner. Ein reknar med 80-90 tilsette på desse båtane.  Denne tradisjonsrike næringa gir eit stort bidrag til næringslivet i kommunen, og det er også gledeleg at d

et er god rekruttering til fiskerinæringa.

 

Akvakultur
Havbruksnæringa betyr mykje for kystsamfunn og norsk økonomi, og står for en stor del av verdiskapinga i Noreg. Fiskeoppdrett er viktig for sysselsetting og busetting langs norskekysten.

Årleg vert det produsert om lag 25.000 tonn rund fisk med ein førstehandsverdi på 500 mill. kr på Bømlo. Oppdrettsnæringa på Bømlo har høg foredlingsgrad. I tillegg til lokal oppdrett vert det frakta fisk frå andre område til slakting og vidareforedling i kommunen. Det er tre lakseslakteri i Bømlo og omsetninga samla er på over 1,6 mrd. kroner. Laksen blir slakta,  pakka og transportert ut til verdsmarknaden i stadig større mengder. Det arbeider om lag 350 personar i lakseindustrien i Bømlo. Næringa kjøper også varer og tenester  lokalt for store verdiar kvart år.

Sist endra 12.02.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering