Næringsarbeidet i Bømlo kommune

 

Ordførar Odd harald Hovland stod for den offisielle opninga av Bømlo Innovasjonssenter 16. mai 2013. (Foto: Simon K. Sortland) - Klikk for stort bilete Næringslivet på Bømlo er variert, med mange små og mellomstore verksemder og nokre få store aktørar. Gründertradisjonen står sterkt i kommunen. Bømlo er ein av dei kommunane i Norge med høgast industrisysselsetting i høve til folketal.


På grunn av nærleiken til sjøen er det naturleg nok mykje industri knytt opp mot fiske, oppdrett og sjøfart. Her er høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfartsnæringa, stor rederiverksemd særleg knytt til offshoreindustri, og ei ekspansiv havbruksnæring. Innan reiselivsnæringa er det stor aktivitet. Elles er det ein del jordbruk her, og dei vanlege servicenæringane er sjølvsagt sterkt representerte.


Ordførar og rådmann

Ordførar og rådmann har ansvar for samarbeidet mellom det lokale næringslivet og kommunen, og for å leggja tilhøva til rette for ei positiv utvikling både av næringslivet på Bømlo og lokalsamfunnet. I dette ligg å marknadsføra kommunen som ein attraktiv næringskommune og utvikla interkommunalt og regionalt næringsretta arbeid.  

 

Det betyr å vera aktiv i forhold til lokale, regionale, nasjonale og internasjonale rammevilkår, å etablera og utvikla nettverk mellom næringslivet i kommunen og regionen. Gjennom dette arbeidet ynskjer kommunen også å vera aktiv i relasjonen skule - næringsliv og utvikla samspelet mellom kultur og næringsverksemd.    

 

På lag med Atheno

Atheno er Bømlo kommune sin leverandør på 1. line teneste innan næring.

Kontaktpersonar i Atheno
Astrid Kjellevold Steinsland - dagleg leiar 452 89 928
Kjetil Djuve - prosjektleiar 982 99 318
Nina Østensjø Borrevik - prosjektleiar Ungt Entreprenørskap 926 60 776

 

Bømlo kommune har gjennom mange år hatt ein tydeleg politikk når det kjem til å driva aktiv næringsutvikling. Dette går blant anna på å leggja til rette for så vel idéhavarar og gründerar som etablert næringsliv. Kommunen har gjennom mange år etterstreva ei positiv og bærekraftig utvikling for næringsaktørar og det samla næringsliv, for å gi gevinstar til lokalmiljø og region.

 

Atheno AS vil bistå Bømlo kommune i dette arbeidet og har ei klar målsetjing om å vera med å bidra til ei best mogleg framdrift i kommunen si næringsutvikling. Avtalen inneber blant anna at Atheno stiller til disposisjon sin metodikk og ulike verkty, kompetanse og sitt nettverk for utvikling av idéar og selskap i tidleg fase.

 

Det er ikkje nytt for Atheno å arbeida i kommunen, då ein har hatt inkubatorverksemd der over nokre år. Det å no få ei utvida rolle innan næringsutvikling er spanande for Atheno, ikkje minst avdi dette er ein kommune med sterk gründerkultur og mange idear og prosjekt med stort potensiale. Atheno har også ansvar for dette arbeidet på Stord, i Fitjar og på Tysnes. Det at ein samlar dette arbeidet hos ein aktør gir gode synergiar på kompetanse og nettverk som kjem etablerarar og gründerar til gode.

 

Sett i lys av dei krav framtida stiller i forhold til det å skapa nytt næringsliv er dette ei viktig satsing.

Sist endra 26.02.2016
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 30 52
Mobil:
941 71 093
Tittel:
rådmann
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
Nyttige lenker (2)
 
Login for redigering