Næringslivet i Bømlo

 

Bømlo skipsservice (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Befolkning og sysselsetting
Bømlo kommune har 11.818 innbyggarar pr. 2. kvartal 2016. Kommunen har eit svært variert næringsliv med maritim /subsea- industri, kyst- og havfiske, havbruk, bygg /anlegg, rederi, samt handel/service som store verdiskapingsområder. Samla omsette dei 81 medlemsbedriftene i Bømlo Næringsråd  for om lag 8 mdr. kroner og sysselsette om lag 4300 personar.


Dei største hjørnesteinsbedriftene og Bømlo kommune er medlemer i Bømlo Næringsråd. Næringslivet har synt god evne til tilpassing og omstilling i skiftande konjunkturar og marknader.


Maritim og subsea leverandørindustri
Det blir levert tenester frå ingeniørarbeid til ferdige produkt som gir, propell, brannsløkking, pumper, undersjøiske sensorar, stigerøyr for oljeindustrien m.m. til ein verdsvid marknad. Denne industrien er også svært relevant inn mot fiskeflåten, mellom anna med dokking, klassing, ombygging og reparasjonar. Føretaka i denne delen av næringslivet i Bømlo omsette i 2013 for om lag 3,7 mrd. kroner.

 

Lakseoppdrett og fiskeri
Det er 3 lakseslakteri der det vert køyrt ut laks for ca. 5,5 mrd kr årleg. Omlag 1000 trailarar med lakseavfall køyrer og årleg ut av Bømlo.

 

Kommunen har 28% av landets pelagiske trålkvoter og er med det landet sin 8. største pelagiske fiskerikommune. Her vert fiska 70 000 tonn fiska årleg. Tala for 2015 syner ein omsetnad på 400 mill. kr, med 150 tilsette ombord + 40 på land. Her var totalt 125 registrerte fiskefartøy, av desse er 9 havgåande fiskefartøy. Fiskeflåten generer ca. 100 mill kr. årleg år i kjøp av varer og tenester.

 

Bygg og anlegg
Det har vore stor aktivitet i kommunen innan denne næringssektoren. Det blir bygd både veg, bustad og fritidseigedomar og næringsbygg. Det var sysselsett om lag 450 personar og omsetnaden var på rundt 840 mill. kroner i bygg og anlegg i 2013.


Rederiverksemd
Det vert omsett for om lag 1 mrd. i denne sektoren, både relatert til offshore- og andre transporttenester på sjø. Om lag 25 foretak er registrert i denne kategorien i Bømlo. Talet på tilsette er meir krevjande å finna her i og med at mannskap kan bu andre stader i Norge eller utlandet og sjeldan arbeider i kommunen. Men om ein skulle ta med talet på tilsette totalt ligg dette på kring 700 tilsette. 

 

Handel, service og reiseliv
Rundt 400 personar er sysselsett i vel 60 foretak i varehandelen i Bømlo. Dei omset for vel 450 mill. kroner og dei fleste av desse verksemdene ligg i kommunesenteret Svortland. Handels- og serviceklynga representerer eit svært viktig tilbod til innbyggarane og dei som gjestar Bømlo, og betyr direkte og indirekte mykje for næringslivet og sysselsettinga i kommunen. 

 

Det er ikkje så mange reine reiselivsbedrifter, men fleire som skaper verdiar på grunnlag av gjester av ulike slag som vitjar kommunen. Med eit stort tal hytter og rorbuer utgjer dette ei stor verdiskaping. Vårt eine hotell har også ein omsetning knytt til reiseliv sjølv om dei fleste som overnattar er knytte til arbeidslivet. Også andre aktørar som har arrangement og turaktivitet baserer seg på ein del bedriftskundar. Mestedelen av verdiskapinga av gjestane me har på Bømlo skjer i varehandelen.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 25.10.2016
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering