Målsetjinga med Basen er å kartlegge arbeidsevne og arbeida mot tilsetting i det ordinære arbeidslivet for personar utan arbeid.
Basen har faste arbeidsoppdrag, og tar ulike oppdrag frå private eller bedrifter.
Tildeling av plass blir gjort av NAV. Ta kontakt dersom du ynskjer deltaking.
Kvar finn du oss?
Me er ein del av NAV Bømlo, som du finn i NAV-bygget tvers ovanfor Kulturhuset på Svortland. Me har adresse; NAV Bømlo, postboks 83, 5445 Bremnes.
Til dagleg held me til i Stølane 1 på Bremnes. Der møtes me kvar dag og planleggjer dagens arbeid.