Individuell plan

 

Målgruppe 
Alle som på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller liknande har trong for langvarige og koordinerte tenester, og som etter eige ønskje og kommunen si vurdering har rett på ein slik plan.  


Planen skal utformast i samarbeid med brukar. Dokumentet skildrar dei tenestene som skal gi brukaren eit samanhengande og individuelt tilpassa tenestetilbod. Planen skal tydeleggjere det forpliktande samarbeidet og ansvarsfordelinga mellom dei instansar brukaren mottar tenester frå.

Ansvarsgruppa kan gjennom individuell plan tilrå tiltak og tenester som krev ressursar, men det er den enkelte tenesteeining som gjer vedtak i samsvar med eige regelverk.

Den individuelle planen gir ikkje den enkelte brukar større rett til tenester enn det som følgjer lovgjeving på det aktuelle området.

 
Formål med planen
Målet med Individuell plan er å bidra til at brukaren får eit heilskapleg og individuelt tilpassa tenestetilbod i tråd med eigne målsetjingar med ein auka grad av tryggleik og oversikt for brukar og tenesteytarar.

Vidare ønskjer ein å oppnå at alle partar (brukar, pårørande, tenesteytarar) skal ha eit betre utgangspunkt for å ta sin del av ansvaret for at samarbeidet kan fungera, og at det vert ytt rett teneste til rett tid, på rett stad og på rett nivå. 

Individuell plan skal vera ein overordna plan. Den skal samordnast med eventuelle andre planar (IOP, behandlingsplan, fysioterapiplan, plan i NAV-kontoret o.a.).

Individuell plan er ein reiskap i ansvarsgruppa omkring den enkelte brukar. Planen skal vera bindande i den forstand at alle skal vera lojale mot avgjersler. 
 
Tenesta gjeld 
Individuell Plan er eit samarbeidsdokument for offentlege tenesteytarar, og brukarar av offentlege tenester. Ein individuell plan er eit hjelpemiddel til å gi oversikt over den trong for hjelp brukaren og familien har på ulike område. Planen skal omtala ulike mål og tiltak som vert iverksett. Den individuelle planen gir likevel ikkje større rett til helsetenester enn det som følgjer av andre lover.

Brukaren har rett til å medverka i arbeidet - det er han/ho sin plan, og tenesteapparatet skal leggja til rette for dette. Intensjonen er at planen skal omfatta alle tenester ein har trong for. Å få utarbeidd ein individuell plan medfører ikkje økonomiske kostnader for brukaren.

Du kan lesa meir om Individuell plan hos Helsedirektoratet.

 

Samtykkje
Individuell plan kan ikkje utarbeidast utan brukaren sitt samtykkje. For personar som er i tvunge psykisk helsevern skal det utarbeidast Individuell plan uavhengig av om pasienten gir sitt samtykkje til dette. Han/ho går gjennom samtykkje med koordinator tidleg i samarbeidet om den individuelle planen. 
 

Korleis søkja tenesta

Om du ynskjer å få vurdert om du har rett til Individuell plan eller koordinator ta kontakt med Tenestekontoret på tlf 52 42 43 70   (om du er over 18 år) eller Barne og familietenesta  på telefon xx xx xx(om du er under 18 år) 

Eller send ein søknad på søknadsskjema

 

Det blir utnemnd ein koordinator for å hjelpe til med utforming av Individuell Plan.

I Bømlo kommune er det bestemt at alle Individuelle Planar skal skrivast i SamPro.
 

 

Klage
Du kan klaga på at du ikkje har fått utarbeidd ein individuell plan, og du kan klaga på at du ikkje har fått vore med og utforma planen. Klagen kan rettast til: 

Tenestekontoret i Bømlo kommune
Leirdalen 1
5430  Bremnes 

Klagen kan også sendast den tenesta du høyrer til under. Vidare klage sendast Fylkesmannen i Hordaland

 

Ofte stilte spørsmål om individuell plan og koordinator

Sist endra 14.11.2014
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Eining (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering