Akutt trong for bustad

Kommunen skal sørgje for mellombels bustad til den som har eit akutt bustadbehov og ikkje klarer å framskaffe bustad på eiga hånd.

 

 

Slike naudsituasjonar kan vere ved brann, familie- eller samlivsbrot eller dersom du av andre årsaker står akutt utan stad å bu komande natt.

 

Dersom du er i ein situasjon der du treng mellombels bustad, må du ta kontakt med NAV Bømlo på telefon 55 55 33 33 eller i opningstida for å få hjelp til å søkje. Det vil vere naudsynt med ein samtale med rettleiar for å gjere ei kartlegging av din situasjon.

 

NAV skal bistå deg med å finne eit konkret og tilgjengeleg butilbod. Dersom du ikkje har pengar til å betale for mellombels bustad, kan du søkje NAV Bømlo om økonomisk stønad.

 

 

Kommunale utleigebustadar
Tenestekontoret tildeler kommunale bustadar etter vedtekne retningslinjer og søknadane blir behandla fortløpande.


Ved spørsmål ta kontakt med tenestekontoret på telefon; 

53 42 34 70

 

Sist endra 07.07.2017
Fant du det du leitte etter?
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering