Det er eit overordna prinsipp at frivillighet er utgangspunktet for arbeidet med personar med rusavhengighet. Kapittel 10 i helse- og omsorgstenestelova gjev likevel tilgang til ein viss bruk av tvang for rusmiddelavhengige som treng hjelp til å kome i ein behandlingssituasjon. Pårørande eller andre einingar kan be om vurdering av tvang. Dette gjeld og gravide som misbruker rusmiddel, då med formål om å hindre skade på fosteret.
Målgruppe
Vaksne over 18 år med rusavhengighetsproblematikk.
Kva kan me tilby?
Rusvernkonsulentane arbeidar i hovudsak med motiveringsarbeid, henvising og oppfølging knytt til institusjonsopphald, henvising og oppfølging knytt til Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og oppfølging av gravide rusavhengige.
Kartleggingssamtale
Me kontaktar alle som tar kontakt for ein kartleggingssamtale. Hensikta er å kartlegge kva du synes er vanskeleg og kva ressursar du har. Me har fokus på hva som er viktig for deg. Saman skal me finna ut kva hjelp me kan tilby.
Dei viktigste tema i kartleggingssamtalane er:
-
Kva er viktig for deg?
-
Kva kan du gjere for å få det betre? Kven kan støtta deg?
-
Korleis kan tilsette innan rusmeistring og avhengighetsproblematikk i kommunen hjelpa deg?
Samarbeid
Rustenesta samarbeider mellom anna med; fastlegane, helsestasjonen, LAR Helse Fonna, psykisk helseteneste, miljøarbeidartenesta/heimetenesta, barnevernstenesta, DPS, Haugaland A-senter, Rogaland A-senter, fengsel, friomsorg og tannhelsetenesta.
Gravid og rusutfordringer?
Ved graviditet vil du få tilbod om hjelpetiltak for å bidra til at du kan gjennomføre eit rusfritt svangerskap, samt å unngå skader på det ufødte barnet.
Hjelpetiltaka kan vere urinprøvar, samtalar, heimebesøk, kontakt med jordmor, tilbod om frivillig innlegging i institusjon, ansvarsgruppemøter eller henvisning til spesialisthelsetenesta.
Hjelpetiltaka inneheld og samarbeid med andre instansar som fastlege, spesialisthelsetenesta, jordmor og barneverntenesta for å hjelpe deg ivareta både deg sjølv og barnet i det som både kan vera ein spanande og sårbar fase i livet.
Kvar finn du oss?
Me er ein del av NAV Bømlo, du finn oss i Kulturhuset på Svortland. Me har adresse; NAV Bømlo, postboks 83, 5445 Bremnes.
Betaling
Tenestene er gratis.
Søknad
Du kan nytte Bømlo kommun sitt Søknadsskjema for alle helse og omsorgstenester (PDF, 374 kB)
Søknad kan du sende eller levere på NAV kontoret eller tenestekontoret. Om din lege eller andre har tilleggsopplysningar, som du tenker er viktig, er det fint om disse vert lagt ved søknaden.
Kontakt
Du kan kontakte oss på telefon dersom du ynskjer det.
Du kan sende SMS med førespurnad om å verte kontakta når som helst i døgeret, så tar me kontakt med deg i arbeidstida.
Rusvernkonsulentane har telefon; 948 50 718 og 91576569
Du kan og ta kontakt via pårørande, lege, DPS eller andre tenester.