"Å høre til" Arbeid mot mobbing

NOU 2015:2 "Å høre til - virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø" beskriv tiltak for eit systematisk arbeid mot mobbing. Fylkesmannen har hatt kursdagar for skuleleiarar med dette som tema.

Presentasjonen frå samlinga i Hordaland kor skulane i Bømlo deltok: https://www.fylkesmannen.no/Documents/Dokument%20FMHO/Barnehage%20og%20opplæring/Konferansar/Bergen%20131015.pdf

Erlend Moen frå Trondheim snakka om kva mobbing er, og korleis ein kunne arbeida med å fremja gode psykososiale skulemiljø, førebyggja mobbing, og handtera saker som oppstår.

 

Utvalet som har utarbeida NOU rapporten har hatt 4 overordna prinsipp for arbeidet: Menneskerettane som målestokk, Samfunnet skal ha nullvisjon om og nulltoleranse for krenkingar, mobbing, trakassering og diskrimenering, fagleg læring og sosial læring høyrer saman og Inkludering for å høyra til.

 

Utvalet har peika på fem utfordringar, og fem målsetjingar for arbeidet og prioritering av dei viktigaste tiltaka fordelt på sju område for tiltak og verkemiddel. I kapittel 1 i NOU 2015:2 finn ein eit samandrag av rapporten:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2015-2/id2400765/

Sist endra 25.08.2016
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering