Velkommen til Bømlo Kulturskule

Fyrverkeri - kunstustilling av elevar ved Bømlo kulturskule. - Klikk for stort bilete

 

Bømlo Kulturskule sine retningslinjer inneheld informasjon om søknad, forventningar til eleven og heimen og betaling/prisar. Klikk på menypunktet "retningslinjer" under.

Bømlo kulturskule held til i flotte lokalar i Bømlo kulturhus. Med eigne øvingsrom for instrumentalopplæring, dansesal og black box-teater ligg tilhøva godt til rette for undervisninga. Kulturskulen har totalt om lag 500 elevar.

Bømlo kulturskule har ei rekkje tilbod som t.d. dans, teater, musikkterapi og biletkunst. Det vert gitt instrumentalopplæring på følgjande instrument: Piano, tangentinstrument, ulike gitarar, strykeinstrument. Opplæring på strykeinstrument rekrutterer til Bømlo Strykeorkester.

Det vert óg gitt undervisning på messinginstrument, treblåseinstrument og slagverk. Denne opplæringa er knytta opp til skulekorpsa i kommunen.


Les meir om faga >>>

Kulturskulen føl grunnskulen si skulerute.


Bømlo kommune har eit rikt og mangfaldig kulturliv, så vel som ein spennande kulturhistorie. Gjennom eit tett og godt samarbeid mellom kulturskulen og grunnskulen ønskjer me å leggje til rette for gode kulturelle opplevingar for både barn og unge.
 
Kenneth Sivertsen-prisen vert delt ut av Bømlo kommune >>>     Kenneth Sivertsen-prisen vert utdelt annakvart år til unge musikalske talent under 25 år heimehøyrande på Bømlo. Rektor i Kulturskulen er leiar av juryen.    
 
Kontakt oss   Undervisningstilbod
     
Tilsette   Aktivitetskalender
     
Les gjennom retningslinjene før søknadsskjema vert fylt ut.   Søknadsskjema
Retningslinjer  

Du skal få ei kvittering når elektronisk søknadsskjema er sendt inn.

Under finn du reserve-søknadsskjema du kan senda inn dersom det elektroniske søknadsskjemaet ikkje fungerar.

Utmelding     Reserve-søknadsskjema (DOCX, 31 kB)
     
 
   
 
 

 
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering