Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing der kultur- og opplæringssektoren samarbeider om å medverke til at elevar i skulen får oppleve, kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
 

DKS

Måla for Den kulturelle skulesekken finn ein i St.meld nr. 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida, side 22:

• å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
• å leggje til rette for at elevar i skulen lettare ska få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
• å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål


Hordaland fylkeskommune har i tillegg vedteke desse to målsetjingane:
• å gje born oppleving av kunst og styrka deira eiga skaparevne
• å styrkje born si evne til a stille spørsmål, og stimulere til kritisk vurdering


Bømlo kommune har eit aktivt kulturliv og rike kulturtradisjonar. Det er brei politisk semje om å prioritere arbeidet med DKS med fleire lokale og regionale tiltak, som t.d. Mostraspelet, Steinriket Bømlo og Opplevingsdagar i Moster Amfi.

Sist endra 20.08.2018
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering