Elevpermisjonar

Det kan vera nødvendig å søkja permisjon for elevar frå pliktig opplæring i grunnskulen, til dømes i samband med ferie, kortare opphald i utlandet eller liknande. Bømlo kommune rår til å avgrensa dette mest mogleg.


Om elevpermisjonar i Opplæringslova
Etter lova har barn og unge i Norge "plikt til grunnskuleopplæring og rett til ei offentleg grunnskuleopplæring". Ved permisjonar og fråver som "eleven eller foreldra sjølv er skyld i", fråskriv eleven, eller føresette på eleven sine vegne, seg retten til offentleg grunnskuleopplæring for ein periode så lenge fråveret varer. Føresette overtar ansvaret for eleven si opplæring i fråversperioden. Eleven si opplæringsplikt gjeld like fullt. Det er kommunen sitt ansvar å vurdera om plikta blir oppfylt og å føra tilsyn med at dette skjer.


Elevane har ikkje lovfesta rett til permisjon. Lova seier at før permisjon vert gitt skal rektor vurdera om det forsvarleg å la eleven vera vekke frå skulen. Det vert vurdert om, og i tilfelle kva, opplæring eleven får i friperioden, kva opplevingar han eller ho vil få og kva utbytte ein kan oppnå. Eleven sitt faglege nivå vert og vurdert, og om vedkomande har hatt permisjon før.


Dersom ein forelder har foreldreansvar utan å ha dagleg omsorg for barnet, har også han/ho rett til å bestemma når det gjeld barnet si utdanning, jfr. barnelova § 30. Det er såleis ein føresetnad at vedkomande er einig i søknad om permisjon.


Elevar som "høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja" har rett til permisjon dei dagane trussamfunnet deira har heilagdag. Til gjengjeld krev lova at føresette sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida.


Kontaktlærar kan innvilge permisjon for inntil ein dag. Gjeld søknaden permisjon i fleire dagar skal rektor avgjere denne. Elevar kan uansett ikkje få lovleg permisjon i meir enn to veker, jmf. Opplæringslova § 2-11. Dersom søknad om fri ikkje vert godkjent, kan det sendast klage på vedtaket til leiinga ved skulen.


Fråver lenger enn to veker - heimeopplæring

Fråvær utover to veker tyder at eleven er teken ut av skulen, og føresette må kunne dokumentere at barnet får tilsvarande undervisning i annan skule/heimeundervisning.
Søknad må sendast skulen i god tid, og kontaktlærar/faglærar skal uttale seg før rektor tar avgjerd.


Opplæringslova §2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa er ikkje ein lov om ”ekstra ferie”. Med åtte veker sommarferie, ei veke haustferie, juleferie, påskeferie og fri ved planleggingsdagar, må heimen planlegge reiser og liknande slik at ikkje skuleåret blir redusert og læringsarbeidet blir svekka.


Varer fråveret meir enn to veker, må det meldast heimeopplæring. Dette betyr at føresette har ansvar for opplæringa i den aktuelle perioden. Melding om heimepplæring skal sendast til rektor ein månad før slik opplæring startar. Det er berre foreldre eller den som har dagleg ansvar for barnet, som kan melda heimeopplæring. Dersom ein av foreldra har foreldreansvar utan dagleg omsorg, har vedkomande rett til medverknad når det gjeld barnet si utdanning, jfr. barnelova § 30, og må såleis vera samd i at barnet skal ha heimeopplæring.


I Opplæringslova heiter det at opplæring som skjer i heimen skal følgja lova når det gjeld formål og innhald, og skal følgja den samme læreplanen som offentleg grunnskule. Dette kravet gjeld sjølv om foreldra berre har opplæringsansvaret for ein kortare periode.


Kommunen har ansvar for å føra tilsyn med at opplæringa blir gjennomført på en god nok måte. Skulen, ved rektor, har det praktiske tilsynsansvaret. Skulen kan nekta å godkjenna ei melding om heimeopplæring eller krevja at eleven kjem tilbake til skulen dersom heimeopplæringa ikkje er i samsvar med Opplæringslova. Skulen sitt vedtak kan klagast inn til kommuneleiinga.
 

Dersom det er spørsmål om elevpermisjonar, kontakt Bømlo kommune - Tlf.: 53 42 30 00.

Sist endra 27.01.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering