IKT reglementet for grunnskulane i Bømlo

IKT reglementet for grunnskulane i Bømlo er gjeldande frå 2016. Reglementet var politisk sak i Utvalet for oppvekst, kultur og idrett den 26.01.2016.

 

IKT-reglementet for elevar i Bømlo regulerer elevane sin bruk av IKT-ressursar, og kjem som eit tillegg til ordensreglementet, og har status som forskrift.

 

Det er utarbeidd eit nasjonalt IKT-reglement for grunnskolen. Reglementet er tilgjengeleg hos Senter for IKT i utdanninga, og Bømlo kommune nyttar dette som grunnlag for eige reglement.

 

Målet er at elevene skal vera med å utforme deler av reglementet slik at de får eit eigarskap til prosessen og resultatet. Eit IKT-reglement skal ikkje berre skal handla om elevane sine plikter, men òg gje dei ein del rettar i høve til bruk av IKT-utstyr i skulen.

 

Elevane sine eigne IKT-regler (plakat) bør hengja i klasserommet, eller der elevene til vanlig nyttar IKT-utstyr.

IKT-REGLEMENT FOR ELEVAR I GRUNNSKULEN I BØMLO KOMMUNE

Ordensreglementet for grunnskulen i Bømlo kommune er det overordna reglement. IKT- reglementet for grunnskulane i Bømlo kommune regulerer elevane sin bruk av IKT- ressursar og kjem som eit tillegg til Ordensreglementet.

 

1. Føremålet med reglementet.

  • Målgruppa for reglementet er elever i grunnskulen.
  • Reglementet avklarar akseptabel bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi for målgruppa.
  • Reglementet søkjer å hindra utilsikta og uønskte hendingar.
  • Reglementet vil beskytta brukarar og tryggja den pedagogiske læringssituasjonen.
  • Reglementet skal medverka til å avgrensa roller, rettar og plikter for elevar og kommunen.

 2. Omfanget av reglementet.

  • Bruk av kommunen sitt IKT- utstyr som blir disponert ved skulane.
  • Bruk av privat IKT- utstyr i samband med skulen og/eller via kommunen sitt nettverk.
  • Bruk av programvare som kommunen har gjort tilgjengeleg.
  • Publisering av innhald på nett og kommunikasjon ved bruk av privat eller kommunen sitt IKT- utstyr.
  • Elevane sin IKT- bruk utanom skuletid er i utgangspunktet heimen sitt ansvarsområde. Men åtferd som har tydeleg tilknyting til skulen, kan likevel falla inn under skulen sitt ansvarsområde.

 3. Elevane sine rettar.

  • Eleven har rett til opplæring i bruk av IKT for å kunna oppnå krava om IKT- ferdigheit i samsvar med Kunnskapsløftet.
  • Eleven har rett på tilgang til velfungerande IKT- utstyr i undervisninga.
  • Alle elevar har rett på lik tilgang til IKT- utstyr i samband med gjennomføringa av digital eksamen og nasjonale prøvar.
  • Eleven har rett til å bli informert om innhaldet i IKT- reglementet av skulen.
  • Kommunen kan berre utlevera opplysningar om ein enkelt elev eller data som tilhøyrer ein elev der dette går fram av inngått samtykke, vedtekne reglement eller følgjer av lovgjeving elles.
  • Eleven har rett til å få med seg private data som skulen ikkje lenger har høve til å ta vare på.
  • Skulen vil sletta alle personopplysningar om elevane som han ikkje lenger har bruk for, men dette gjeld ikkje dersom skulen er lovpålagd å oppbevara opplysningane.

 4. Elevane sine plikter.

  • Elevane pliktar å følgja skulen sine pålegg og instruksar om bruk av IKT- utstyr.
  • Elever på ungdomssteget pliktar å setja seg inn i den informasjonen som skulen gjev om reglar og vilkår for bruk av IKT- utstyr.
  • IKT- utstyret som er plassert ved den enkelte skule, skal behandlast fint.
  • IKT- utstyret som blir brukt i skuletida, skal berre brukast til skulerelaterte oppgåver.
  • I skuletida skal privat IKT- utstyr, som mobiltelefonar, berbare datamaskiner og liknande, berre brukast etter avtale med skulen.
  • Chat, spel, privat e-post eller generell surfing skal berre skje etter avtale med skulen.
  • Publisering av innhald på nett og kommunikasjon gjennom kommunen sitt IKT- utstyr skal på ingen måte innehalda tekst, bilete, lyd eller video som er av støytande art, eller som hengjer ut enkeltpersoner eller – grupper.
  • Digital mobbing skal ikkje skje, verken gjennom eige eller kommunen sitt IKT- utstyr.
  • Brukarnamn og passord skal haldast hemmeleg og skal berre brukast av den aktuelle eleven.
  • Elevar kan ikkje installera eiga programvare på kommunen sitt IKT- utstyr.
  • Installasjon av programvare på PC-ane som gjer at uvedkomande får tilgang til kommunen sitt nettverk, skal ikkje skje.
  • Eleven pliktar å gjera så godt han/ho kan for å ikkje bringa virus eller annen øydeleggjande programvare inn i kommunen sitt IKT- utstyr.
  • Eleven pliktar å bruka godt nettvett når han/ho brukar kommunen sitt IKT- utstyr.
  • Eleven pliktar å undersøkja og respektera opphavsretten til materiale som tekst, bilete, musikk, film eller lyd som vert lagt ut på heimesider, fellesområder og bloggar.
  • Eleven må få samtykke frå medelevar/føresette til å legge ut bilete, lyd og video av dei.
  • Elevar pliktar å varsla skulen ved mistanke om at andre bryt reglementet.

 5. Inngrep og sanksjonar.

  • Brot på IKT- reglementet kan føra til sanksjonar frå skulen/kommunen.
  • Skulen har eit ansvar for å gripa inn overfor elever som mobbar eller trakasserer lærar eller andre elevar.
  • Bruk av skulen sitt IKT- utstyr som strid mot norsk lov, kan bli meldt.
  • PCar som blir brukt under eksamen, kan bli kontrollerte før og etter eksamen for å avdekka forsøk på juks.
  • Elevar som mobbar, diskriminerer eller trakasserer andre ved bruk av kommunen sitt IKT-utstyr, kan bli utestengde frå all IKT-bruk i ein periode fastsett av skulen. Særleg alvorlege tilfelle kan bli melde.
  • Elevar som valdar skade på kommunen sitt IKT- utstyr, kan bli haldne erstatningsansvarlege.
  • All datatrafikk ved den enkelte skule kan bli logga.
  • Brot på IKT- reglementet kan også føra til sanksjonar i samsvar med det generelle ordensreglement ved skulen.

 6. Ansvarsfråskriving.

  • Kommunen er ikkje ansvarlig for tap av data eller skade på IKT- utstyr som skuldast forhold utanfor kommunen sin kontroll.

 7. Underskrift.

  • IKT-reglementet er ei forskrift i samsvar med § 2-9 i opplæringslova. Det vil seie at sjølv om foreldre/elevar ikkje skriv under reglementet, vil det gjelde for dei likevel. Det er i særskilde tilfelle skulen vil be om underskrift.
  • Skulen skal sørgja for at det er referatført at reglementet er gjort kjent i klassane og på foreldremøte.

 

 8. Utdjupande informasjon.

IKT-kontrakt (https://feide.iktsenteret.no/sites/default/files/IKT_kontrakt_nynorsk.pdf )                          


IKT-plakat for 1.-4. trinn https://feide.iktsenteret.no/sites/default/files/ikt-plakat%201-4%20kl%20nynorsk.pdf 

IKT-plakat for 5.-7. trinn https://feide.iktsenteret.no/sites/default/files/ikt-plakat%205-7%20kl%20nynorsk.pdf

IKT-plakat for 8.-10. trinn https://feide.iktsenteret.no/sites/default/files/ikt-plakat%208-10%20kl%20nynorsk.pdf

Publisert av Kristine Sætre. Sist endra 04.08.2016
Fant du det du leitte etter?