Nytt lovverk om retten til eit godt skulemiljø

 "Det skal nytte å seie frå." - Ny handhevingsordning for elevane sitt skulemiljø.

 

Stortinget har vedtatt nytt regelverk om skulemiljø. Det nye regelverket gjeld fra 1. august 2017. Utdanningsdirektoratet har laga eit rundskriv med informasjon om kva skulen skal gjera viss ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, og om elevar og foreldre sin moglegheit til å melda saka til fylkesmannen. Rundskriv 3-2017

 

Fylkesmannen får ei ny rolle i behandlinga av saker om skulemiljøet til elevane.  Fylkesmannen vurderer om skulen har oppfylt den lovpålagte aktivitetsplikta si i elevsaker, og kan vedta tiltak som skulen må setje i verk. Informasjon til elevar og foreldre om mobbing

Innhaldet og endringa i det nye regelverket: 

Om aktivitetsplikta

For skulen og kommunen er det spesielt reglane om ny aktivitets- og dokumentasjonsplikt som får mykje å seie. Det sentrale ved dei nye reglane om ei aktivitetsplikt for skulane, er at denne plikta skal erstatte rektor si plikt til å fatte enkeltvedtak i skulemiljøsaker (med få unntak). Skulen skal raskt reagere og handle for å sikre retten til eit godt og trygt skulemiljø. Aktivitetsplikta for skulen er særleg skjerpa dersom ein som er tilsett på skulen krenker ein elev. Aktivitetsplikta gjeld alle som arbeider på skulen.

Aktivitetsplikta er delt i fem delplikter:

1. Plikt til å følgje med

Plikta startar ved mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er ei plikt for den enkelte til å vere årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom.

2. Plikt til å gripe inn

Alle skal gripe inn overfor krenkingar. «Gripe inn» skjer med ein gong og er retta mot å stoppe ein situasjon som er i gang og er forholdsvis akutt.

3. Plikt til å varsle 

Rektor skal varslast ved all mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.  Rektor kan delegere oppgåva (ikkje ansvaret). Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.

4. Plikt til å undersøke

Plikta startar når ein har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen skal vere låg. Plikta blir alltid utløyst dersom ein elev sjølv seier frå at han eller ho ikkje opplever at det er trygt og godt på skulen.

5. Plikt til å sette inn tiltak

Skulen har ei plikt til å setje inn tiltak som er eigna til å sørge for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø. Plikta omfattar å følgje opp tiltaka og evaluere korleis tiltaka verkar. Dersom eleven opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, skal dette alltid utløyse aktivitet og plikt til å setje inn tiltak.

Involverte elevar skal bli høyrt, og eit grunnleggjande omsyn skal vere elevane sitt beste.

Når det skal setjast i verk tiltak, skal skulen lage ein skriftleg plan for dette. Skulen skal også dokumentere kva som er blitt gjort for å løyse saka.

NB! Dette er ei forenkla framstilling av reglane. For ei meir detaljert framstilling av ordninga viser vi til lovteksten og forarbeida til lova. 

Om handhevingsordninga

Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan eleven eller føresette melde saka til Fylkesmannen ei veke etter at saka er tatt opp med rektor. Handhevingsordninga skal dermed sikre at elevar eller føresette kan få saka si prøvd av ein myndigheit utanfor skulen. Eleven kan melde frå både skriftleg og munnleg. Fylkesmannen blir dermed førsteinstans i saker om skulemiljøet til elevane.

Fylkesmannen skal, når ei sak blir meldt, vurdere om skulen har oppfylt aktivitetsplikta si. Fylkesmannen skal utgreie saka, drive fram handling og følgje opp saka. Fylkesmannen fattar vedtak som fortel om eleven får medhald og kva tiltak skulen må gjennomføre.

Når det blir sendt ei melding til Fylkesmannen, må dette vere på plass:

  • saka blir meldt inn av elev eller føresette
  • saka handlar om skulemiljøet til eleven og aktivitetsplikta til skulen
  • saka er tatt opp med rektor, og det er minst fem dagar sidan saka blei varsla til rektor

Dersom elevar eller føresette klagar på vedtaket frå Fylkesmannen, er Utdanningsdirektoratet klageinstans.

 

 

 

Publisert av Kristine Sætre. Sist endra 08.08.2017
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering