Skuleskyss

I Skuleskyss finn ein informasjon om rettane grunnskuleelevane har til skuleskyss. Dette gjeld t.d. skysslengde, nærskuleprinsippet, delt bustad, farleg skuleveg, medisinsk skyss, ventetid m.m.

 

Det er føresette som søkjer om skyss for eleven. Er kriteriet for skysslengde eller båt til stades, er det tilstrekkeleg at føresette har oppgitt rett folkeregistrert adresse til skulen - dette er å rekna for søknad. Skulen legg søknaden med elevopplysningane inn i fylkeskommunen/Skyss sitt program (Cert) for skuleskysshandsaming. Her gjer Vestland fylkeskommune v/Skyss vedtaket som syner om eleven får rett til gratis skuleskyss eller ikkje. Får ein avslag som ein vil klaga på, skal klagen sendast Skyss.

 

 

For søknad om skyss til heimeadresse 2 i tillegg til heimeadresse 1 for elev med delt bustad (skjema) eller søknad om medisinsk skyss (skjema), må ein senda dokumentasjon til skulen som vidareformidlar søknaden (i Cert) til Skyss. I desse sakene er det òg Skyss/fylkeskommunen som gjer vedtaket.

 

Tabell med klassifisering av farenivå på skulevegar i Bømlo, finn ein i kommunen sin Trafikksikringsplan. (Denne planen ligg under Planar på kommunen si heimeside) I desse sakene er det Bømlo kommune som gjer vedtak om eleven får rett til skuleskyss eller ikkje, og dersom ein får avslag som ein vil klaga på, skal klagen sendast til Bømlo kommune.

 

Føresette som vert pålagt å utføra skyssen skjølv der eleven har rett til gratis skuleskyss, nyttar skjema for refusjon. 

Publisert av Kristine Sætre. Sist endra 17.06.2020
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering