Velkommen til Hillestveit skule

Hillestveit skule - Klikk for stort bilete

Hillestveit skule ligg på Langevåg, heilt sør i Bømlo kommune. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 156 elevar skuleåret 2016/2017. Saman med elevane jobbar om lag 26 lærarar og 4 assistentar.


Den eldste delen av skulen er bygd i 1965. I 1979 vart det bygt ei ny avdeling som rommar bibliotek, basseng, personalavdeling og administrasjon. Her held også ungdomsskulen til.


I 2005 stod Langevåg Bygdatun ferdig. Hillestveit skule nyttar den flotte idrettshallen med utstyr i kroppsøvingstimane. I tillegg nyttar me ofte kultursalen i samband med den kulturelle skulesekken, og ikkje minst til våre eigne samlingar der elevane får bruka alt av lyd, lys og anna teknisk utstyr.


Under finn du nyttig informasjon om skulen, samarbeidspartnarar og lovar og reglar:


Kontaktinformasjon:
Hillestveit skule
Hovlandsvegen 11, 5443 Bømlo
Tlf: 53 42 35 50
E-post: hillestveit.skule@bomlo.kommune.no

Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 35 50
Mobil:
957 66 435
Tittel:
rektor
Bunnhjørne
 
Login for redigering