Leseopplæring

Bømlo kommune sin Leseplan byggjer på arbeidet til leseforskarar ved Universitetet i Stavanger og i Oslo, samt Statped. Det nasjonale senteret for leseopplæring, Lesesenteret, ligg i Stavanger.

 

Målet med planen er at ei meir systemisk leseopplæring skal bidra til betre lesedugleik for elevane. Ei variert og tilpassa opplæring i alle fag og på alle trinn er grunnlaget for gode elevresultat i lesing. Å kunna lesa og forstå er ein nøkkelfaktor for å meistra livet i eit kunnskapssamfunn.

 

Bømlo kommune har pilotert den nasjonale satsinga "Språkløyper", og deltek i forskningsprosjektet "Two Teachers" som Lesesenteret/Universitetet i Stavanger har sett i gong.

 

Bømlo kommune skal innan 2017 ha teke i bruk "vurdering for læring" verktøyet LESELOS i leseopplæringa i alle fag og på alle trinn, på alle grunnskulane i Bømlo. Dette er materiell som Lesesenteret i Stavanger har utarbeidd.    

Publisert av Kristine Sætre. Sist endra 04.08.2016
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering