Moster skule innfører mobilfrie friminutt

Frå og med måndag 21. november vil skulen ha ein praksis der elevane i ungdomskulen ikkje får bruka mobiltelefon i løpet av skuledagen. Telefonen vil bli samla inn om morgonen, lagra på ein trygg stad, og elevane vil få telefonen tilbake når skuledagen tek slutt. Det er sjølvsagt eit alternativ at telefonen leggjast igjen heime. 

Med denne ordninga ynskjer skulen å fokusere på positiv samhandling elevane i mellom utan at mobiltelefonen stel merksemd. Me ynskjer og å hindra at mobiltelefonen vert brukt i situasjonar der bilete  og annan informasjon vert lagt på nett utan enkeltelevars samtykke.

 

Skulen har kjøpt inn fleire ulike spel som elevane kan nytta i friminutta. Skulen har tru på at dette på sikt vil virke positivt på elevmiljøet.

 

Ordninga vert evaluert tidleg på nyåret.

 

Helsing rektor.

 

Sist endra 12.01.2018
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering