AKSJON MOT HOVUDLUS VEKE 35

Folkehelseinstituttet oppmodar alle skular og barnehagar i landet til å ta del i nasjonale halvårlege aksjonar mot hovudlus som blir arrangert årleg i veke 10 og 35. Vår skule skal delta i veke 35, helga 1. og 2. september.

Vi håpar at alle elevar på vår skule støttar opp om aksjonen slik at vi i fellesskap kan redusere luseplaga hos oss. 

Kven bør sjekke seg for hovudlus?

Skoleelevane, dei tilsette på skolen og familiemedlemmene til barn og tilsette bør sjekke seg for hovudlus i aksjonsperioden. Jo fleire som sjekkar seg, dess fleire vil kunne oppdage om dei har lus og behandle seg slik at luseplaga blir redusert.

 

Korleis sjekke for hovudlus?

Du oppdagar hovudlus ved å greie håret med ein lusekam (finst på apotek). Det er viktig at du greier håret i heile dets lengde, og at du startar heilt inst ved hovudbotnen. Folkehelseinstituttet anbefaler å greie i vått hår fordi vått hår hemmar bevegelsen til lusa. Du kan gjerne tilsette balsam for å lette kjemminga. Tørk kammen med tørkepapir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når lusene har tørka, vil dei begynne å bevege seg.

Nokre føretrekkjer å greie i tørt hår. Personen som blir gredd bør da stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande, slik at lus som fell ned frå håret blir oppdaga. Det viktigaste tiltaket for å unngå hovudlus er å sjekke ofte. Utover aksjonsperioden bør barna bli sjekka for hovudlus minst éin gong i månaden, gjerne éin gong i veka.

Sjå gjerne Folkehelseinstituttet sin instruksjonsfilm om hovudlus-sjekk, som du finn på: www.fhi.no/lus  

 

Behandling mot hovudlus

Det finst fleire alternative behandlingar mot hovudlus:

  • Behandle med lusemiddel (finst på apotek). NB! Det er viktig å følgje pakningsvedlegget nøye. Middel som inneheld virkestoffet dimetikon, har vist seg å ha god effekt.
  • Kjemme håret hyppig (dagleg i 14 dagar).
  • Klippe håret kortare enn 0,5 cm.

 

Nyttig å vite

Barn som har hovudlus treng ikkje å vere heime frå skolen eller barnehagen, men behandling bør komme i gang raskast mogleg.

Hovudlus er ikkje farleg, men det er brysamt for den det rammar. Hovudlus smitter ved hovud-til-hovud-kontakt, og ikkje via luer. Alle kan bli smitta av hovudlus, uavhengig av alder, hårtype osb.

Lus blir raskt svekka når dei er borte frå hovudet. Det er derfor ikkje nødvendig å vaske klær, hus og møblar.

 

Sjå PDF fil her. (PDF, 248 kB)

Publisert av Linda Mari Wilhelmsen. Sist endra 09.09.2019
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering