Skuleskyss

I Skuleskyss finn ein informasjon om rettane grunnskuleelevane har til skuleskyss. Dette gjeld t.d. skysslengde, nærskuleprinsippet, delt bustad, farleg skuleveg, medisinsk skyss, ventetid m.m.

 

Det er føresette som søkjer om skyss for eleven. Er kriteriet for skysslengde eller båt til stades, er det tilstrekkeleg at føresette har oppgitt rett folkeregistrert adresse til skulen - dette er å rekna for søknad. Skulen legg søknaden med elevopplysningane inn i fylkeskommunen/Skyss sitt program (Cert) for skuleskysshandsaming. Her gjer Hordaland fylkeskommune v/Skyss vedtaket som syner om eleven får rett til gratis skuleskyss eller ikkje. Får ein avslag som ein vil klaga på, skal klagen sendast Skyss.

 

 

For søknad om skyss til heimeadresse 2 i tillegg til heimeadresse 1 for elev med delt bustad (skjema) eller søknad om medisinsk skyss (skjema), må ein senda dokumentasjon til skulen som vidareformidlar søknaden (i Cert) til Skyss. I desse sakene er det òg Skyss/fylkeskommunen som gjer vedtaket.

 

Særleg farleg skuleveg definert i fareklasse 1 i kommunen sin Trafikksikringsplan (side 3 i Del 3) vert òg registrert som søknad i Cert når ein oppgjev adresse. Men i desse sakene er det Bømlo kommune som gjer vedtaket som syner om eleven får rett til skuleskyss eller ikkje, og dersom ein får avslag som ein vil klaga på, skal klagen sendast til Bømlo kommune.

 

Søknad om gratis skyss med grunngjeving i farleg skuleveg på strekning som ikkje kommunen har definert som faresklasse 1; særleg farleg skuleveg (side 3 i Del 3 i Trafikksikringsplanen) må ein senda som e-post/brev til eigen skule/kommunen.

 

Føresette som vert pålagt å utføra skyssen skjølv der eleven har rett til gratis skuleskyss, nyttar skjema for refusjon. 

Publisert av Kristine Sætre. Sist endra 13.11.2018
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering