Velkommen til Våge skule

Trolla ynskjer velkomen til Våge skule. - Klikk for stort bilete

Våge skule ligg i fine naturområde på Våge. I nærleiken  av skulen har me eit flott uteområde med Lavvo, grua og gode muligheter for uteskule. Skogen og terrenget i nærområdet innbyr til fysisk aktivitet for små og store elevar. Våge skule er ein 6-delt barneskule med ei elevgruppe på kvart trinn.

Våge skule består av 3 skulebygningar. Dei to eldste vart teke i bruk i 1971/1973. Ved skulestart i august 2012 tok me i bruk nye klasserom i nybygget Paviljongen. Paviljongen inneheld 2 klasserom med tilhøyrande grupperom og elevtoalett. Elevane har god plass i lyse og trivelege klasserom. Elevane på 1. og 2.trinn er brukarar av nybygget.

Skulen har eige SFO-tilbod. SFO sine opningstider følgjer skuleruta. SFO er ope kvar skuledag i tida før skulestart frå kl.07.00 og etter skuleslutt til kl. 16.15. Elevar frå 1.-4.trinn ved skulen har plass i SFO fordelt utover dagane i veka.

Elevane våre får sømjeundervisninga  si på Hillestveit skule. Me busser sørover til Langevåg nokre gonger i løpet av året for å trena symjedugleiken. 

Skulemiljø-knapp

 



 

Under finn du nyttig informasjon om skulen, samarbeidspartnarar og lovar og reglar:

 


Kontaktinformasjon:
Våge skule
Motorsportvegen 1
5437 Finnås
Tlf: 53 42 36 80

E-post: vage.skule@bomlo.kommune.no

 

Her finn du informasjon om  Mobilskole (PDF, 21 kB)

Sist endra 18.10.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 36 80
Mobil:
901 35 299
Tittel:
Rektor
Bunnhjørne
 
Login for redigering