Hanne-Mari overtek rektorstolen

Portrett Hanne-Mari Engen - rektor. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Hanne-Mari Engen (44) har no tiltrådt som ny rektor ved Våge skule etter Inger Johanne Sele som er gått av med pensjon. 

Hanne-Mari Engen kjem frå stillinga som rektor ved Hordabø skule i Radøy kommune der ho har vore i 4 år. Ho har brei erfaring frå oppvekstsektoren frå både barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. 

- Eg har store forventningar om at den nye rektoren skal vidareføre det systematiske og gode arbeidet Sele har gjort på Våge, og skape trygge og utviklande læringsmiljø for elevane våre. Me ønskjer og sjølvsagt å bli utfordra – nye perspektiv inn i leiinga av Bømloskulen er alltid velkomne, understrekar kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 09.11.2016
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering