Ny rektor ved Våge skule

Olaug Norenes Hovda (54) er tilsett som ny rektor ved Våge skule frå 01.08.18. Ho bur i Haugesund, men har fritidsbustad på Lykling.

Olaug Norenes Hovda - rektor Våge skule. Portrettfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Olaug Norenes Hovda har vidareutdanning i matematikkdidaktikk, veiledningspedagogikk og rekning som grunnleggjande dugleik. Som ein del av allmennlærarutdanninga tok ho studiet Psykososialt arbeid med barn og unge. Hausten 2017 starta ho også på mastergradsstudiet i organisasjon og leiing ved HVL.

 

Olaug kjem frå lærarjobb ved Hauge skule i Haugesund der ho er kontaktlærar for ein 7. klasse no. Ho er verneombod ved skulen og sit som del av skuleutviklingsgruppa ved skulen. Olaug har tidlegare jobba med Språkløyper og innføring av digital læringsplattform.

 

- Me gler oss til å få Olaug med på laget i Bømloskulen. Ho har verdifull kompetanse og erfaring som eg er trygg på Våge skule får nyte godt av. Med lang erfaring frå ein annan kommune vil Olaug kunne tilføre Bømloskulen nye perspektiv og idear. Me gler oss til å bli betre kjend med ho, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

 

Sist endra 17.04.2018 13:41
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 54
Mobil:
975 00 432
Tittel:
kommunalsjef - oppvekst, kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering