Prosjekt Hagen

Prosjekt Hagen. Biletet viser forprosjekt gjort av elevane i desember 2017. - Klikk for stort bilete

Våge skule er i samarbeid med kunst og kulturformidlinga i Hordaland fylkeskommune med på eit kunstprosjekt som heiter Hagen. 

I informasjonen me har fått tilsendt frå fylkeskommunen står det mellom anna:

"Hagen er ein storskala utandørsinstallasjon der ein lagar ein midlertidig og kunstig hage av resirkulerbar plast. Skulen deltek i planleggingsarbeidet, samlar inn plastmateriale, bestemmer kor hagen skal vere, designar "bed" og ikkje minst, skapar objekt som kan "gro" og "bu" i hagen. Prosjektet tar mål av seg å inkludere heile skulen og å leggje til rette for at elevar og lærarar kan møtast i ein felles kreativitets- og mestringsprosess. Ei realisering av Hagen fremmar kunnskap og kompetanse på fleire nivå. Prosjektet kombinerer leik, kreativitet og læring, og utfordrar positivt til samarbeid, mestring og nytenking."

 

Torsdag 30. november og fredag 1. desember fekk Våge skule besøk av kunstpilotane André Steenbuch Marandon og Annette Lie Marandon. Biletet viser forarbeid med fotoprosjekt der elevane har skrive om sin favorittstad på skulens uteområde.

 

Det endelege produktet vert i veke 15 ein utandørs midlertidig hage av resirkulerbar plast. Elevane skal jobba mykje ute med dette.

 

 

Publisert av Bodil Selle. Sist endra 07.12.2017
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering