Samarbeidsutvalet (SU) - Våge skule

Kapittel 11 i Opplæringslova omhandlar organ for brukarmedverknad i skulen. Kap. 11-1 handlar om Samarbeidsutvalet (SU), som er det øverste samarbeidsorganet i skulen.

 

§ 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar

 Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

 Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

 

 § 11-7. Fellesreglar

 Råda og utvala etter reglane i §§ 11-1 til 11-6 vel sjølv leiar og nestleiar. Dei vel også sekretær.

 

Døme på saker som SU handsamar:

Læringsmiljø, læringsresultat, utviklingsområde, satsingar, utfordringar, tilstandsrapportar, ordensreglement, drift, økonomi, brukarundersøkingar, skulerute, arrangement m.m.

 

Les heftet Medlem av samarbeidsutvalg på nynorsk her

Samarbeidsutvalet ved skulen skuleåret 2018/2019:

Namn:

Representerer:

Funksjon:

 Birgit Sønstabø Esperø

Kommunen: Politisk skuleeigar

 
 Olaug Norenes Hovda

Kommunen: Rektor

 
 Evelina

Elevrådet

 
 Annaleah

Elevrådet

 
 Kenneth Skimmeland

Foreldra sitt Arbeidsutval/FAU

 
 Cecilia Thormodsæter

Foreldra sitt Arbeidsutval/FAU

 
 Gunnar Innvær

Tilsette - undervisningspersonale

 
 Marit Juell Lodden

Tilsette - undervisningspersonale

 
 Randi Urangsæter

Tilsette – anna personale

 

 

.

Møtefrekvens: minimum 3 møte pr skuleår.

Møtedato:

 Faste saker:

   Konstituering
   Høyring skulerute
   Skulen sin tilstandsrapport
   Skulen sin utviklingsplan/handlingsplan for komande skuleår

 

Rektor har ansvaret for at referata frå SU-møta vert sendt Utvalet for oppvekst, kultur og idrett.

.

Utdanningsdirektoratet sitt rundskriv om samarbeidet heim-skule: www.udir.no/globalassets/upload/rundskriv/2010/5/udir-7-2010-foreldresamarbeid.pdf

 

Publisert av Inger Johanne Sele. Sist endra 22.11.2018
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering