Zero - program mot mobbing

Grunnskulane har over dei siste 10 åra jobba med programmet Zero som bidreg til å byggja opp kompetanse, arbeida med haldningar, innføra rutinar og setja i gang konkrete tiltak mot mobbing i skulemiljøet.


ZERO

Prinsipp og mål
Null-toleranse når det gjeld krenkingande handlingar og mobbing er sentralt i programmet.Tilsette, elevar og foreldre vert involvert i arbeidet mot mobbing.


Førebygging gjennom trivselstiltak og skulen sine sosiale aktivitetar kor inkludering er eit overordna mål. Avdekking der mobbing og krenkande handlingar vert tekne på alvor og synleggjort. Handlingsfasen der mobbesaker vert løyst. Dette skal vera eit kontinuerleg arbeid ved skulen.


Bømlo kommune sine mål for skulane sin praksis på dette området:
• Skulen førebyggjer mobbing i sin daglege praksis
• Skulen har gode rutinar for å oppdage/ta i mot meldingar om krenkande handlingar/mobbesaker
• Skulen arbeider med/løyser mobbesaker på ein konstruktiv og forsvarleg måte
• Arbeidet mot mobbing er ein del av skulen sitt kontinuerlege arbeid


Null toleranse er ikkje det same som null mobbing - for å kunne ta tak i og løyse mobbesaker må ein erkjenne at dei finst. Men null-toleranse vil sei at ein ikkje godtek krenkande handlingar og mobbing, og kontinuerleg arbeider for å skape eit godt og inkluderande miljø der alle kan kjenna seg verdsett og repektert.

Sist endra 06.02.2018
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Eksterne lenker
 
Login for redigering