Rusmeistring og avhengigheitHar du utfordringar med rus- eller avhengigheit kan du få hjelp frå rustenesta. Rustenesta kan gje råd, rettleiing og tilbyr oppfølging av menneske som har eit rusproblem, ein avhengigheit eller står i fare for å utvikla eit problem. Kven kan få tilbodet? Vaksne (over 18 år) som treng råd, rettleiing og oppfølging knytt til rus eller avhengigheit. Kva kan me tilby? Råd og rettleiing Hasjavvenningsprogram Oppfølging av politikontrakt Utlevering av brukarutstyr Hjelp til å lage kriseplan Støtte og oppfølgingssamtalar Hjelp til å få kontakt med andre tenester Hjelp til å opprette, koordinere og delta i ansvarsgruppe Henvising til rusbehandling og/eller oppfølging etter behandling Henvising til legemiddelassistert rehabilitering (LAR) Kven skal eg kontakte? Du kan ta direkte kontakt med oss på telefon eller e-post. NAV Bømlo Rusvernkonsulent Joan T. Hansen Telefon: 948 50 718 Send e-post NAV Bømlo Rusvernkonsulent Ann-Sirèn Haugstad Telefon: 915 76 569 Send e-post Rustenesta har arbeidstid på dagtid måndag til fredag og er ikkje ei akutt- eller døgnteneste. Har du akutte problem kan du ta kontakt med legevakta Slik søkjer du Søknadsskjema for oppfølging av rusvernkonsulentane Send søknaden til: NAV Bømlo Postboks 83 5445 Bremnes Du kan og levere søknaden på NAV-kontoret Kva kostar det? Tilbodet er gratis Er du bekymra for nokon som er rusavhegig? Ta gjerne kontakt med oss for råd og rettleiing. Rustenesta har og ansvar for å setja i verk tvangsinnlegging etter helse- og omsorgstenestelova §10-2 og §10-3 i dei tilfelle det er fare for liv og helse. Er du pårørande? Pårørande kan og ta kontakt for råd og rettleiing, eller for henvising til oppfølging for pårørande i Helse Fonna. Sist endra 10.02.2022 14:46