Bustad

 

 

Dersom du av ulike årsaker ikkje kan skaffa deg bustad sjølv eller ikkje lenger kan bu heime, kan kommunen hjelpa deg med å skaffa bustad. 


Akutt trong for husvære
Dersom du har akutt behov for eit mellombels husvære, og ikkje greier å skaffa det sjølv, kan du ta kontakt med NAV, tlf. 55 55 33 33


Kommunale utleigebustadar
Tenestekontoret tildeler kommunale bustadar etter vedtekne retningslinjer og søknadane blir behandla fortløpande.


Spørsmål - kontakt Tenestekontoret tlf. 53 42 34 70


Trygde- og omsorgsbustadar
Tenestekontoret tildeler trygde- og omsorgsbustadar etter vedtekne reglar, og søknadane blir behandla fortløpande.

 

Meir om bustønad finn du her


Ver merksam på at ein kan søkja tilskot og lån til utbetring av huset for å tilpassa det til helsesituasjon og funksjonshemming. Finansieringshjelp vert òg gjeve i samband med utbetring og vedlikehald. 

 

Sist endra 07.02.2017
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering