Transportordning, funksjonshemma

Målgruppe 
Personar som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytta det ordinære kollektive rutetilbodet.    
 
Formål med tenesta 
Målet er å gjera det mogleg for varig sjuke og funksjonshemma å bruka drosje for at ein lettare skal kunna ta del i fritidsreiser (sosial kontakt, deltaking i religiøse og kulturelle aktivitetar, deltaking i organisasjonsliv, hobbyaktivitet osb.). Etter særlege reglar kan det og ytast stønad til arbeids- og utdanningsreiser. Ordninga skal ikkje erstatta eit mangelfullt rutetilbod eller reiser dekka av NAV-kontor, skuleverket eller andre. 
 
Tenesta gjeld 
Transportordninga for funksjonshemma er ei fylkeskommunal ordning. Saksbehandlinga for nye brukarar er likevel lagt til kommunen. Er du avhengig av å bruka drosje til fritidsreiser (eventuelt til arbeids- eller utdanningsreiser) og er varig sjuk eller funksjonshemma, kan du bli godkjend brukar. Ordninga er eit tillegg til dei reiseordningar som gjeld for folketrygda, og skal såleis ikkje nyttast for reiser som elles vert dekka av NAV-kontoret i samband med t.d. legebesøk, helsereiser osb. Ordninga kan heller ikkje nyttast, der reisa vert dekka av andre, t.d. funksjonshemma elevar som har rett til fri skuleskyss.
  
Som godkjend brukar vil du få tilsendt eit kort som gjeld over heile landet. Den samla verdien av dette kortet varierar frå kr. 2.400 - kr. 6.900 pr år, avhengig av alderen din, type funksjonshemming og avstand mellom bustad og kommunesenter. Kortet nyttar du til å betala drosjen med. For kvar tur må du likevel betale ein eigenandel på minimum 25% av turprisen. For arbeidskøyring gjeld eigne satsar for eigenandel. 

 

Kva er kravet for å motta tenesta 
Fylkeskommunen har utarbeidd retningslinjer for transportordninga, der du kan lesa nærare om vilkåra, saksgang m.v. Kort skal nemnast at ein må vera minst 9 år gamal, og ha varig sjukdom eller funksjonshemming som varer meir enn 2 år. Sjukdomen/funksjonshemminga må vera av ein slik art at du har varig nedsett mobilitet (rørslehemming), slik at du ikkje kan nytta det offentlege rutetilbodet. Du vil bli godkjend som brukar om du har ein av følgjande medisinske tilstandar:                                         

  • Blind
  • Sterkt synshemma
  • Avhengig av rullestol
  • Sjukdom i den terminale fasen
  • Avhengig av konstant kunstig surstofftilførsel 

Elles kan du i særskilde tilfelle søkja om å bli godkjend som brukar av transportordninga, dersom du har vesentleg nedsett mobilitet, sjølv om du ikkje kjem inn under dei medisinske tilstandene nemnd over (1 - 5).   
 
Kva gjer kommunen 
Søknad skal setjast fram på eigenerklæring (søknadsskjema), der du og må leggja ved legeerklæring. For arbeids- og utdanningsreiser er det i tillegg eige søknadsskjema. Nærare orientering om dette vil du få av kommunen. Søknaden blir behandla og avgjort av ei nemnd i kommunen 2 gonger pr. år, slik at nye brukarar kan koma inn i ordninga pr. 1. januar eller 1. juli.  Godkjenning som brukar vert gjeve for maksimalt 4 år om gongen. Mellombels godkjenning vert gjeve for minst 2 år. Avgjerd du er usamd i kan påklagast. 
 
Korleis søkja tenesta 
Eigenerklæring og legeerklæring kan du få anten ved å venda deg til Rådhuset, tlf. 53 42 30 00 eller på Hordland Fylkeskommune si nettside. 

Sist endra 06.02.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering