Graveløyve og arbeidsvarsling

Dersom du skal gjera arbeid i eller langs kommunal veg, må du først innhenta graveløyve og godkjent plan for arbeidsvarsling. Du må også gravemelda arbeidet for å unngå personskader frå el-kablar, eller skader på tekniske anlegg.

Ved alt arbeid i eller ved vegbana som t.d. vegkryssing med grøft eller linjestrekk, må du søkja om løyve til dette på særskilt skjema til Bømlo kommune. 

Søknad om graveløyve (PDF, 531 kB)

Send søknaden om graveløyve på e-post her

Du må også laga ein plan for arbeidsvarsling. 

Mal for arbeidsvarslingsplan (XLSX, 162 kB)

Arbeidsvarslingsplanen sender du i xls format på for godkjenning e-post her

Alle som arbeider i eller ved kommunal veg eller som skal stå som ansvarleg for slikt arbeid, skal ha gyldig kursbevis i arbeidsvarsling, høvesvis kurs nummer 1 eller kurs nummer 2.

Til toppen