Offentlege høyringar svarskjema stort

 

Budsjettmøte FSK 2019

Formannskapet vedtok budsjettinnstilling

13.11.2019

Eigedomsskatt, Espevær skule og Havbruksfondet...

The Jokers - kyrkjekonsert 24.2.18

Eldsjelprisen 2019 til Tveit og Vika

13.11.2019

I utval for næring, innovasjon, idrett og...

Valdsfri.no

Ny nettside skal førebygga vald i barndommen

12.11.2019

Med den nye nettsida valdsfri.no ynskjer...

Snøbrøyting veg

Vinterberedskap 2019-2020

07.11.2019

Bømlo kommune har vinterberedskap i perioden 5...

Vis alle

Ulike typar byggjesøknad

Det er krav om løyve etter plan- og bygningslova til å utføra ulike typar byggjetiltak slik som nybygg, tilbygg og påbygg, samt større endringar og reparasjonar. Dei ulike søknadprosessane kan i hovudsak delast i 3 ulike sakstypar.

 

Ulike byggjerettleiarar etter type tiltak finn du her

1. Unnatak frå søknadsplikt

Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan at det er krav om søknad og løyve. Føresetnaden for dette er at byggjetiltaket ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadene eller allmenne interesser eller vert nytta til varig opphald. I tillegg må tiltaket vera i samsvar med gjeldande arealplan og reglane elles i Plan- og bygningslova. D.v.s at dersom tiltaket vert plassert nærare nabogrense enn 4 m eller er i strid med byggjegrense eller byggjeføremål i arealplan, så må det likevel søkjast om.

Døme på slike tiltak kan vera mindre frittliggjande bod, levegg eller forstøtningsmur innafor visse avgrensingar. Les meir i Plan- og bygningslova §20-3 her og i byggesaksforskrifta §4-1 til §4-3 her.

 

2. Mindre byggjetiltak som du kan søkja om sjølv
Nokre mindre byggjetiltak kan tiltakshavar sjølv søkje om. Ein tar då sjølv ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav med heimel i plan- og bygningslova. Fagleg bistand kan vera naudsynt avhengig av kor omfattande tiltaket er og kva kompetanse ein har. Dei mest vanlege tiltaka som kjem inn under denne ordninga er uthus, garasjar og tilbygg. Du kan lesa meir i Plan- og bygningslova §20-2 her og i byggesaksforskrifta §3-1 her

 

3. Større byggjetiltak som krev søknad via kvalifisert føretak
Større byggetiltak som t.d bustad, garasje >70 m2, naust, hytte, rorbu m.m. må søkjast om via byggefirma eller annan kvalifisert fagkyndig. Kommunen krev at relevant kunnskap innan prosjektering, utføring og kontroll er dokumentert gjennom utdanning og praksis eller ved ei sentral godkjenning.Reglane finn du i Plan- og bygningslova §20-1 her. Her kan du lesa meir i byggesaksforskrifta §2-2.

Sist endra 03.03.2017
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering