Kommunehistorikk

Noverande Bømlo kommune er ein kommune som tidlegare var delt i tre kommunar; Bømlo kommune, Moster kommune og Bremnes kommune. Dei tre kommunane vart slegne saman med verknad frå 01.01.63. Kommunestyreval for den nye "storkommunen" vart halde i september 1962.

Dei siste ordførarane i dei tre tidlegare kommunane var:
 

Bremnes: Peder P. Stavland
Bømlo: Enok Eide
Moster: Harald Gjerde

 

Ordførarkjede

 

Ordførarar i Bømlo frå og med 1963:


Første ordføraren i den nye kommunen var Peder P. Stavland (V), med Harald Gjerde (bygdeliste) som varaordførar. Han sat berre ut 1963 (det var nytt ordinært kommunestyreval i september 1963).

  • 1964-71: Gunnar Mjånes (KrF), med Harald Gjerde (bygdeliste) som varaordførar.
  • 1972-75: Malvin Meling (H), med Kr Husø (bygdeliste) og Lars L. Amundsen (bygdeliste) som varaordførarar (kvar sine to år).
  • 1976-83: Arne M. Haldorsen, med Kr. Husø (1976-1979) og Olav Svendsen (H) som varaordførarar.
  • 1984-85: Bjarne Kristiansen (A), med Bjørn Lavik (KrF) som varaordførar.
  • 1985-87: Bjørn Lavik (KrF), med Martin Sørenes (A) som varaordførar.
  • 1988-95: Annemor Jensen (V), med Øyvind Halleraker (H) og Sammy Olsen (H) som varaordførarar.
  • 1995-97: Marit Elisebet Totland (KrF), med Georg Lønning (bygdeliste) som varaordførar.
  • 1997-98: Georg Lønning (bygdeliste), med Ola Ersland (KrF) som varaordførar.
  • 1998-99: Ola Ersland (KrF), med Georg Lønning (bygdeliste) som varaordførar.
  • 1999-2007: Inge Reidar Kallevåg (H), med Ola Ersland (KrF) som varaordførar.
  • 2007-11: Inge Reidar Kallevåg (H), med Arnfinn Halderaker Husby (KrF) som varaordførar.
  • 2011-15: Odd Harald Hovland (Ap), med Arnfinn Halderaker Husby (KrF) som varaordførar. Jorunn Løklingholm (KrF) erstatta Halderaker Husby hausten 2012.
  • 2015-2019: Odd Harald Hovland (Ap), med Sigrun Alvsvåg (KrF) som varaordførar. Morten Helland (KrF) overtok varaordførarvervet 19. september 2016.
  • 2019-        : Sammy Olsen (Senterpartiet) med Ragnfrid Sønstabø (H) som varaordførar.


Merk at frå 1992 (i realiteteten frå 1995) startar funksjonstida for det nyevalde kommunestyret - og dermed også for ordføraren - med ein gong det er halde konstituerande møte (til vanleg ein gong i oktober), medan kommunestyret tidlegare ikkje tok over ansvaret før 1. januar året etter eit kommunestyreval.


Kjelde: Kristian Grutle, Bømlo kommune
 

Ordførarportrett i Rådhuset (Bømlo kommune) - Klikk for stort bileteOrdførarportrett i Rådhuset (Bømlo kommune) Simon K Sortland

Sist endra 22.10.2019 11:56
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering