- Flott at folk ryddar - men dei må vere forsiktige

Stormen Amy lot seg merke også på Bømlo i helga, med mellom anna fleire trevelt som sperra vegar. Teknisk drift sine folk var ute på fleire oppdrag, men fleire stader hadde driftige privatpersonar rydda opp.

Omsorg pluss og berekraftige bustadar for framtida

Bømlo kommune arbeider no med siste del av rapporten i prosjektet Mandat 30–33 – Omsorg pluss og berekraftige bustadar for framtida. Mandatet vart politisk godkjent i utval for levekår 6. mai 2025, og rapporten skal ferdigstillast 1. oktober.

Kommuneplanen sin samfunnsdel er publisert i Framsikt

Kommunen brukar styringssystemet «Framsikt». Det starta med budsjett og økonomiplanane, men framover vert det nytta for alle dei politiske planane framover.

Vaksinasjonsprogram for vaksne i Bømlo 2025

Vaksenvasinasjonsprogrammet omfattar personar frå og med det året dei fyller 65 år, samt yngre personar som er i risikogrupper på grunn av underliggande sjukdom. For å sikra god tilgang på vaksiner for bebuarar i Bømlo vil kommunen som tidlegare år tilby samvaksinasjon på vaksinedagar. 

Busthorn-klager til Statsforvaltaren

Klagesakene til detaljreguleringsplanen for Busthorn bustad- og næringsområde vert sendt til Statsforvaltaren for endeleg klageavgjerd. Kommunestyret vedtok med 19 mot 8 røyster Utval for areal og samferdsel si innstilling om å oppretthalda godkjenninga frå kommunestyremøtet i april.

ME HØYRE TE - noko for alle ungdomar

No har me klar 11 workshopar for unge i alderen 13-24 år klare for påmelding!

Store utvidingsplanar på Serklau

Moster Eiendom AS og Scale AQ vil dobla arealet sitt til 80 000 rutemeter på Serklau industriområde som inkluderer eigen dokk for konstruksjon av fôrflåtar til oppdrettsnæringa. Planane vart presentert for bygdafolket på eit informasjonsmøte tysdag kveld. 

Stor dag på Moster

Ei sårt etterlengta vegutbetring vart feira på Moster måndag 15. september. Ordførar og fylkesordførar stod for den offisielle opninga av fylkesveg 542 Notland-Mosterhamn godt hjulpen av elevar frå Moster skule, Moster skulekorps og born frå Breiflabben barnehage.

Pårørandekonferansen 2025

Velkomen til Pårørandekonferansen 2025 i kulturhuset onsdag 24. september kl. 10.00-14.30. 

Diplom og ros for næringslivet i Bømlo

NHO sitt Kommune-NM 2025 rangerte Bømlo kommune på 6. plass i Vestland. Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland, vitja rådhuset tysdag og overleverte diplom og blomar til ordførar, varaordførar/dagleg leiar i Bømlo Næringsråd og kommunedirektør.