Om Bømlo

Velkommen til Bømlo - sagaøya der skaparkraft ligg i folkesjela!

kommunevåpen med grått sjøblad på raud botn - Klikk for stort bileteBømlo sitt kommunevåpen. Bømlo kommune

I øykommunen Bømlo er du aldri langt frå sjøen. Du kan oppleva vill og rå sjø, men også milevidt, blenkjande hav med Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen er eit eldorado for fiskeinteresserte, og har mange overnattingstilbod der ein og får høve til å freista fiskelukka frå båt eller land. Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke. 

Det maritime miljøet pregar næringslivet. Sjøen er også ein viktig faktor for reiselivsnæringa, der skjærgarden lokkar med holmar og øyar, lune vikar og kanalar. På Bømlo finn ein vekslande natur, frå det karrige landskapet ytterst mot havet, til meir frodige område.

Les meir her om å vera turist i Bømlo

Fakta

  • Folketal: 12 301 pr. 2 kvartal 2024
  • Flateinnhald: 247 km2. Siggjo - høgaste fjelltopp 474 moh. Ca 1010 trappetrinn opp lagt av sherpaer i Laksatrappo, med fleire flotte rasteplassar. 
  • Landfast via Trekantsambandet – mellom 1 og 2 timar til flyplassar på Stord, Haugesund og Bergen (via hurtigbåt Rubbestadneset -Flesland)
  • Kommunesenter: Svortland
  • 5 lokalsentrum: Finnås, Langevåg, Moster, Rubbestadneset og Svortland
  • 9 skular med med ca. 1600 grunnskuleelevar - kulturskule (ca. 600) og vaksenopplæring
  • 1 fylkeskommunal vidaregåande skule (Bømlo vidaregåande skule - lokasjon Leite og  Rubbestadneset )
  • 1 folkehøgskule (Bømlo folkehøgskule)
  • Full barnehagedekning med 8 barnehagar (alle private)
  • Over 100 institusjonsplassar
  • Ca. 150 kommunale bueiningar
  • Over 700 bedrifter, eit høgteknologisk miljø, mekanisk industri, reiarlagsverksemd, havbruksnæring, reiselivs-, handels- og servicenæringar
  • Største/mest kjende merkevarer:
    - Salmalaksen – Bremnes Seashore
    -  Wichmann-motoren (Wärtsilä Norway)
  • Over 300 frivillige lag og organisasjonar

    Bømlo i tal frå SSB

    Lær meir om Bømlo kommune i Store norske leksikon

Historie

Noverande Bømlo kommune vart til 01.01.63, etter samanslåing av dei tre kommunane Bømlo kommune, Moster kommune og Bremnes kommune. 

Dei siste ordførarane i dei tre tidlegare kommunane var:

  • Bremnes: Peder P. Stavland (fortsette ut 1963 til neste ordinære kommunestyreval)
  • Bømlo: Enok Eide
  • Moster: Harald Gjerde
ordførarportrett og kommunevåpen på vegg - Klikk for stort biletePortrett av Bømlo kommune sine 13 ordførarar i perioden 1963 til 2023. Simon Knutsson Sortland

Ordførarar Bømlo kommune

Ordførarar Bømlo kommune
PeriodeOrdførarVaraordførar
1964-71Gunnar Mjånes (KrF)Harald Gjerde (bygdeliste)
1972-75Malvin Meling (H)Kr Husø (bygdeliste) (72-73) Lars L. Amundsen (bygdeliste)
1976-83Arne M. Haldorsen (KrF)Kr. Husø (76-79) Olav Svendsen (H)
1984-85Bjarne Kristiansen (A)Bjørn Lavik (KrF)
1985-87Bjørn Lavik (KrF)Martin Sørenes (A)
1988-95Annemor Jensen (V)Øyvind Halleraker (H) Sammy Olsen (H)
1995-97Marit Elisebet Totland (KrF)Georg Lønning (bygdeliste)
1997-98Georg Lønning (bygdeliste)Ola Ersland (KrF)
1998-99Ola Ersland (KrF)Georg Lønning (bygdeliste)
1999-07Inge Reidar Kallevåg (H)Ola Ersland (KrF)
2007-11Inge Reidar Kallevåg (H)Arnfinn Halderaker Husby (KrF)
2011-15Odd Harald Hovland (Ap)Arnfinn Halderaker Husby (KrF) Jorunn Løklingholm (KrF) (12-15)
2015-19Odd Harald Hovland (Ap)Sigrun Alvsvåg (KrF) Morten Helland (KrF) (16-19)
2019-23Sammy Olsen (SP)Ragnfrid Sønstabø (H)
2023-Morten Helland (KrF)Ragnfrid Sønstabø (H)

Her kan du lesa om ordførarkjedet i Bømlo kommune

Om kommunevåpenet og flaggbruk i Bømlo