Budsjettprosessen i Bømlo kommune

Budsjettprosesser kan vere innvikla og vanskeleg å forstå. Her har me laga ein enkel oversikt over alle stega me skal igjennom før budsjettet for 2024 blir vedteke. Budsjett- og økonomiplan er namnet på vår fireårige handlings- og økonomiplan som også inneheld budsjettet for komande år.

Sjå Budsjett, velferdsplan og årsmeldingar

Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan

Måndag 20. oktober kommunestyresalen klokka 14.00

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter legg fram sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2026-2029.
Møtet er ope for publikum.
 

 

20.10.2025 14:00

Formannskapet si innstilling til kommunestyret

13. november klokka 09:00

Det er formannskapet som innstiller til kommunestyret til vedtak om økonomiplan og årsbudsjett (styringsdokument). Innstillinga frå formannskapet vert gjort offentleg minst 14 dagar før kommunestyret handsamar den. Møtet er ope for publikum.
 

13.11.2025 09:00

Budsjettet ute til offentleg ettersyn perioden 14.november-7. desember

Offentleg ettersyn perioden 14.november-7. desember

Formannskapet si innstilling til budsjett og økonomiplan 2026-2029 ligg ute til offentleg ettersyn.

Etter denne presentasjonen er det dei folkevalde som tek over stafettpinnen og har ansvaret for at det vert vedteke eit årsbudsjett i balanse.
 

14.11.2025 09:00

Kommunestyret vedtek budsjettet

8. desember klokka 16:00

Kommunestyret handsamar budsjettet i kommunestyremøtet 8. desember. Møtet er ope for publikum.

Når budsjett og økonomiplan for 2026-2029 er vedteke, er det kommunedirektøren som har ansvar for å gjennomføra vedtaka som er gjort.

Budsjettet er basert på rammer og føringar som ligg i Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett lagt fram 15.oktober. Kommunen skal til ei kvar tid ivareta behovet for eit nødvendig økonomisk handlingsrom på kort og lang sikt.

Kommunelova:

  • §14-1 (1); «forvalte økonomien slik at den økonomiske handleevnenblir ivaretatt over tid»
  • §14-4; innhald i budsjettet. «Utfordringer, utvikling, prioriteringer, balanse og realistisk»
  • §14-10 (1) «All bruk av midleri årsbudsjettet skal ha dekning i årets tilgang på midler»
08.12.2025 16:00

Litt meir om budsjettarbeidet

Forslaget til budsjett og økonomiplan for 2026-2029 (styringsdokument for Bømlo kommune) er resultatet av ein årleg prosess. Kommuneplanen, den vedtekne budsjett- og økonomiplanen for perioden, årsrekneskapen og årsrapporten gir føringar for prosessen. I tillegg får revidert statsbudsjett i mai, og statsbudsjettet i oktober, konsekvensar for kva som blir dei endelege rammene kommunen må forhalde seg til.

Kommunedirektøren utarbeider eit framlegg

I Bømlo kommune er det kommunedirektøren som utarbeidar eit framlegg som dei folkevalde deretter handsamar. Kommunedirektøren legg i sitt framlegg vekt på tiltak som fagleg og heilskapleg sett er forsvarleg, men som samstundes sørger for eit budsjett som har balanse mellom kjente inntekter og utgifter. Etter framlegginga for kommunestyret er det formannskapet som skal gje innstilling til vedtak i kommunestyret. Formannskapet innstiller til vedtak om økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding. Økonomiplanen for dei neste fire åra og årsbudsjettet for det komande året skal vedtakast av kommunestyret før årsskiftet.

Styringsdokumentet er eit webdokument

Bømlo kommune bruker Framsikt – ei skybasert løysing til budsjettering, rapportering og politikarmedverknad. Det betyr at administrasjonen og dei folkevalde brukar denne løysinga gjennom heile prosessen. Kommunedirektøren sitt framlegg og etter kvart kommunestyret sitt vedtak finn du her så snart det er offentleg.

Framsikt 2026-2029

Prøv også KS: Framtidsverkty

Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg presentert 20. oktober 2025

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter la fram sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan 2026-2029 i kommunestyresalen. Her vil du finna faktagrunnlag, talmateriale, presentasjonar og framlegg som vil liggja til grunn for budsjettvedtak i kommunestyret 8. desember 2025.

Årsbudsjett og økonomiplan 2026-2029 - kommunedirektøren sitt framlegg (PDF, 8 MB) v/kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter

Sjå arkivopptak frå presentasjonen og kommunestyremøtet 20. oktober 2025