Leiarteamet i Bømlo ungdomsråd 2025-2026
N.N
Leiarteamet i Bømlo ungdomsråd 2025-2026 består av Alis Natterøy, leiar og Karl Magnus Tollaksvik, nestleiar.
Har du spørsmål eller innspel kan du også senda e-post til ungdomsradet@bomlo.kommune.no
Følg gjerne Bømlo ungdomsråd sin instagramkonto eller på Facebook
Me opnar no for søknadar for medlemmer for skuleåret 2025/2026. Ungdomsrådet har 12-13 medlemmer og er sett saman av ungdommar i alderen 13-19 år frå dei tre ungdomsskulane (2 representanter per skule) og den vidaregåande skulen i Bømlo (4 representantar) . Det kan også veljast ein representant som går på skule utanfor kommunen eller er lærling. I tillegg vert det velt ein leiar og ein nestleiar. Desse vert valde på OPPstartsamlinga i slutten av september.
Søknadsfrist for å verta medlem: 1. oktober.
Første møtet i det nyvalde ungdomsrådet finn stad den 22. oktober 2025
SØKNAD BØMLO UNGDOMSRÅD
Har du spørsmål? Ta kontakt med Alis - leiar Tel. 466 53 195 eller Bjarte - nestleiar 916 87 859
Programplakat Verdsdagen psykisk helse 2025.Også i år vert verdsdagen for psykisk helse markert på Bømlo. Ungdomsrådet har vore med i planleggingsgruppa og deltar aktivt på fleire arrangement. Me er representerte i panelsamtalen om menn og mental helse, me organiserer eit foreldremøte med tema: kva ønskjer unge seg av foreldra sinde. Innhaldet til dette møtet vert henta i frå resultata i UNGDATA undersøkinga i 2024.
Og ikkje minst: me er med og arrangerer konserten med Tobias Sten i Bømlo kulturhus den 18.oktober 2025.
Arrangementa er eit samarbeid mellom Bømlo kommune, Bømlo folkebibliotek, Mental Helse Bømlo og Bømlo ungdomsråd.
Meir informasjon om dei enkelte arrangementa finn du her:
Arrangement 2025 (PNG, 2 MB)
Øystein Kausrud, Moderator
Øivind Johnsen, Kommunepsykolog
Per Erik, brukar Nyving og
Karl Magnus Tollaksvik, ungdomsrepresentant
Bømlo Folkebibliotek tysdag 30.09.2025 kl. 19:00
Gratis inngang
Arrangementet passar for unge og vaksne
Menn oppsøker hjelp for psykiske helseutfordringar sjeldnare enn kvinner, og er overrepresenterte i sjølvmordsstatistikken. Kvifor er det slik? Kva ligg bak den høge terskelen for å be om hjelp? Og kva kan me gjere for å bryte ned barrierane?
Biblioteket inviterer til ein viktig panelsamtale med kommunepsykolog Øivind Johnsen og fleire gjester. Me har ikkje alle svara, men ønskjer å løfte fram eit tema som ofte er tabubelagt – og som rører ved mange. Det vil også bli mogleg å stille spørsmål frå salen.
Foredrag ved Kaja Leknes Lied , Fastlege
Rådhuset, kommunestyresalen tysdag 02.10.2025 kl. 18:00
Gratis inngang
Foredraget passar for unge og vaksne
Søvn kan vera ei utfordring for mange, både det å få sove og ikkje minst det å få sove nok. Her er det lege Kaja Leknes Lied vil fortelje om:
«Det finnes mange spørsmål om søvn – nokre har me ikkje svar på og nokre er etter kvart godt dokumentert.
Kvifor søv me? Kva skjer når me ikkje søv (nok)?Og korleis blir søvnvanskar behandla best? Mest 10% av befolkinga står på reseptpliktige sovemidlar, i tillegg er også hormonpreparat blitt reseptfritt tilgjengeleg på butikken. Er det fordi det er ei god løysing) Me kjem alle til å sova dårleg i periodar av livet, nokon heile livet, men for dei fleste i kortare periodar. Og trenden er no aukande – stadig fleire får søvnvanskar for lengre tid og i yngre alder. Eg ønskjer å formidla kunnskap slik at fleire kan ta gode val for å sova best mogleg. Kanskje trengs du ikkje kunnskapen i dag, men som all anna sjukdom kan de komma kasta over deg ein dag og då kan det hjelpa å vera god på søvn vite kven du kan kontakte for å få hjelp vidare.
Foredrag ved Anne Marit Særsten Halvorsen, Kommuneoverlege og Øivind Johnsen, Kommunepsykolog
Bømlo Kulturhus, litlesalen tysdag 14.10.2025 kl. 18:00
Gratis inngang
Foredraget passar for unge og vaksne
Kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen har siste 1,5 år hatt foredrag for foreldre og tilsette i skulane om korleis skjerm påverkar helsa vår, og også gitt foreldre råd om grensesetting. I kulturhuset vil dei ta med mykje av den kunnskapen dei har formidla tidlegare om kvifor vi så lett blir avhengige av skjerm, og kva konsekvensar skjermbruk kan ha for oss. Med meir inngåande kunnskap om konsekvensar av skjermbruk, slik at ein har eit større beslutningsgrunnlag for å ta gode val for seg sjølv.
Foredraget passar for både unge og vaksne som ynskjer eit meir bevisst forhold til skjermbruk
Temakveld for tenåringsforeldre
Alis Natterøy – leiar Bømlo ungdomsråd og
John Henrik Staveland Sæter,
SLT koordinator/ UNGDATA ansvarleg i Bømlo kommune.
Rådhuset, kommunestyresalen onsdag 15.10.2025 kl. 18:00
Gratis inngang
Passar for ungdomsforeldre
Med utgangspunkt i arbeidet med UNGDATA undersøkininga i 2024 snakkar Bømlo ungdomsråd om kva ungdommar på Bømlo ønskjer seg av foreldra sine. Er det slik at ein berre vil ha fridom til å gjere kva som helst, at kun meiningane til dei jamaldrande som tel etc., eller ser dette kanskje litt annleis ut? Ungdommen snakkar, det blir litt faktainformasjon og dei føresette får lov til å jobba litt dei og.
Bømlo ungdomsråd har i no i ei årrekkje arbeid under mottoet «Ungdom ved roret» kor det er lagt vekt på å gje ungdom verktøy til å kunne stå opp for meiningane sine og sjølv ta regien. Det er ungdommen som skal bestemme innhaldet og vaksenpersonar rundt dei skal bidra der det er nødvendig og ønskt i frå ungdommane si side. Dette arrangementet er eit resultat av dette arbeidet.
Marie R Haldorsen, Marit S. Habbestad og Elin Pedersen, kognitive terapeutar og/eller psykiatriske sjukepleiarar
Strandnellik- Bøtun 3, Bremnes torsdag 16. oktober kl. 18:00
Gratis inngang
Kvelden passar for unge og vaksne
Dei tre innleiarane ser nærmare på kva stress og belastning er, korleis det påverkar oss i kvardagen og kva strategiar som kan bidra til å betre meistring.
Målet er å auka bevisstheita kring kva me fyller dagane våre med, både det som gir energi og det som tappar oss.
Du vil få anledning til å sjå på eigne vanar og korleis små justeringar kan skape betre balanse.
Bømlo kommune har fått tilskot gjennom Konfliktrådet si tilskotsordning “Tilskudd til forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme”. I prosjektet samarbeider lag og organisasjonar i Bømlo for å gje eit tilbod om gratis workshopar for unge i alderen 13-24 år, med fokus på tema og å skape alternative måtar å uttrykkje seg på. Målet er at mangfald skal føra til at fleire finn ein plass som dei kjenner seg heime i og at unge er meir opne for at me alle er forskjellige og har ulike måtar å uttrykke oss på - og at det er heilt i orden.
I samme tidsrommet som markeringa av verdsdagen finn stad, blir det gjennomført 11 workshopar (den eine litt seinare) som er gratis for deltakarane. Det er mogleg å delta på fleire workshopar.
Oversikt over workshopar (PDF, 210 kB)
Påmelding workshop
Erasmus+Ungdom har innvilga støtte til ny OPPstartsamling for Bømlo ungdomsråd og Ungdomens kommunestyre Askøy. 40 ungdommar i frå kvar kommune får vera med på samlinga som finn stad i Bergen den 23.-24.september 2025. I tillegg til ungdommane i frå Askøy og Bømlo, vert det med 20 ungdommar i frå andre kommunar.
Har du lyst til å bidra til utviklinga i Bømlo og gjera noko for at ungdommen blir høyrde?
Er du mellom 15 og 10 år?
Meld deg på OPPstartsamlinga i september. Den er gratis, gøy og lærerik.
Her finn du meir informasjon for deltakarar og føresette:
Workshop under kurset Ungdom ved roret – stødig kurs framover.
Johanne Kristiansen
Informasjon til deltakarar og føresette (PDF, 126 kB)
Påmelding OPPstartsamling
for ungdom under 18 år: stadfesting frå føresette
Lesarbrev om rusproblematikken på Bømlo - eit felles ansvar - publisert 27.02.2025 (PDF, 24 kB)
Innkallingar og referat ungdomsrådet
Invitasjon oppstartssamling hausten 2022 (PDF, 201 kB)
Oppsummering oppstartssamling ungdomsrådsarbeidet 2022 (PDF, 8 MB)
Referat frå ungdomsrådsmøte 15.12.22 (PDF, 2 MB)
Referat frå ungdomsrådsmøte 30.01.23 (PDF, 393 kB)
Referat frå ungdomsrådsmøte 14.02.23 (DOCX, 36 kB)
Referat frå ungdomsrådsmøte 22.03.23 (PDF, 172 kB)
Referat frå ungdomsrådsmøte 24.04.23 (PDF, 185 kB)
Referat frå ungdomsrådsmøte 31.05.23 (PDF, 159 kB)
Referat frå møte mellom ungdomsrådet og politikarar 31.05.23 (PDF, 606 kB)
Oppsummering fra innspillsmøte med ungdomsrådene i Bømlo og Askøy og kvalitetsutviklingsutvalget (PDF, 205 kB)
Evaluering ungdomsrådsarbeidet 2022-23 ved leiar (inkl mentimeterevaluering) (PDF, 2 MB)
Faste medlemar og varamedlemar i Bømlo ungdomsråd 2024-2025: Fremst leiar Alis Natterøy og nestleiar Bjarte Tjensvoll Notland. Vidare i tilfeldig rekkjefølgje: Nora Mæland, Anna Fjelland Hovland, Ingeborg Ervik Strand, Julia Eidesvik, Selma Dørheim, Lilja Halvorsen, Ellie Gausel, Emma Demic, Michelle Innvær, Askel Ersland Lindskog, Vigdis Mæland, Adele Lovise Navikauskas, Eline Vold, Daniel Stavland Lønning, Andrea Torkelsen og Thea Ingvaldsen.
Simon Knutsson Sortlamd
Føremålet med ungdomsrådet er mellom anna:
- Å fremja ungdommane (8 kl. - 19 år) sine interesser i deira nærmiljø
- Å styrkja og hjelpa born overfor beslutningsprosessane i kommunen
- Å vera høyringsorgan i kommunen i dei saker som vedkjem dei unge
Rådgjevar for folkehelse og frivilligheit er koordinator for rådet og ordførar/varaordførar politisk mentor.
Koordinator for Bømlo ungdomsråd:
Johanne Kristiansen
Rådgjevar folkehelse og frivilligheit
Tel.: 453 82 642
Send e-post
Møtekalender og utvalsmedlemer
Reglement for Bømlo ungdomsråd (PDF, 244 kB)
Ungdom ved roret
Sidan 2021 har ungdomsrådet hatt ei sentral rolle i Ungdom ved roret. I prosjektet testar me mellom anna ut ein alternativ organisering av ungdomsrådet i Bømlo med oppstartssamling og prosjektbasert arbeid. Eit ungdomsrådsstyre møtast om lag ein gong kvar månad.
Ein viktig del av dette arbeidet er oppstartsamlingane, som me har hatt saman med Ungdommens kommunestyre på Askøy. Også i 2024 har me fått tildelt midlar gjennom Erasmus+Ungdom til å arrangera samlinga for til saman 80 ungdommar i frå Bømlo og Askøy.
Sjå YouTube videoen
Her skal me jobba med opplæring av råda, tema som interesserer ungdommane og bestemme kva tema Bømlo ungdomsråd særleg skal jobbe med i skuleåret 2024-2025.
Søknad Ungdom ved roret (PDF, 7 MB)
Oppsummering oppstartssamling ungdomsrådet 21-22 (PDF, 5 MB)
Oppsummering og evaluering av arbeidet med program for folkehelsearbeid 2021-22
Oppsummering oppstartssamling ungdomsrådet 22-23 (PDF, 8 MB)
Rapport frå Unges mulighet til å medvirke: En samskapt studie av ungdoms deltagelse og engasjement i norske kommuner der Bømlo var ein av case-kommunene
Brev til Kjersti Toppe med innspel om tilskotsordning til oppstartsseminar til norske ungdomsråd (PDF, 140 kB)
40 ungdom frå Bømlo deltok på oppstartsseminar i september 2022
Lene Borgen Waage
Mostrating for unge
I samband med den store jubileumsfeiringa på Moster i juni 2024 var også Bømlo ungdomsråd aktiv med på feiringa.
Saman med Moster 2024 inviterte me til Mostrating for unge, kor representantar i frå heile Noreg fekk vera med på ei flott helg på Bømlo kor hovudarbeidet var utarbeidinga av eit dokument over dei viktigaste verdiane for framtida - sett i frå ungdommane sin ståstad. og Verdisamtalen/spørjetimen saman med politikarar i frå regjering, Storting, Sametinget og Fylkestinget.
Det blei båttur med samtale med kronprinsparet, høgtideleg mottaking på kaien med bla. Stortingspresident, Fylkesordførar, hovudkomiteen til Moster 2024 og ei rekkje biskopar og andre viktige personar.
Bjarte og Inger Christin
Moster 2024
På sjølve Mostratinget for unge, der det utarbeidde verdidokumentet blei presentert for ulike politikarar og tid til å stilla ei rekkje spørsmål til desse.
Ungdomserklæring Mostratinget for unge (PDF, 657 kB)
Mostrating for unge 2024
Johanne Kristiansen