SFO - Skulefritidsordninga

Skulefritidsordninga er eit omsorgs- og fritidstilbod for elevar i 1. - 4. klasse, der ein legg vekt på utfalding, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Funksjonshemma born kan delta opp til 7. klasse. Det er omlag 78 elevar på SFO, på Rubbestadneset skule.

SFO leiar:

Kine Rasmussen

E-post: kine.rasmussen@bomlo.kommune.no

Tlf. til SFO: 905 88 087

Meldingar til SFO kan sendast via Vigilo. 

Korleis få plass

For å få plass på SFO må ein sende inn søknad via Vigilo. 

Det er 12 timars gratis kjernetid for 1., 2. og 3. klassingar. Kjernetida er frå skuleslutt og fram til kl. 15.40 kvar dag. 

Elevar som allereie har SFO plass treng ikkje å søkja om plass ved oppstart av nytt skuleår. SFO-plassen er løpande til de seier den opp/eleven går ut av 4. klasse.

Det er ein månad oppseiingstid av SFO-plass. Dette gjeld også reduksjon av plassen.

Søk om SFO plass.

Påmelding til SFO i feriar og planleggingsdagar

I feriar kan ein kjøpa feriepakke på Felles SFO. Felles SFO er eit felles kommunalt tilbod, og vil finna stad på desse skulane:

Før skulestart i august: Svortland skule

Haustferie: Moster skule

Juleferie: Gilje skule 

Vinterferie: Rubbestadneset skule

Påskeferie: Våge skule

Etter skuleslutt i juni: Meling skule

Påmelding til feriepakkane skjer (i Vigilo) til eigen skule/SFO, som vidareformidlar informasjonen til skulen som er vertskap for det felleskommunale SFO tilbodet.

Årsplan

Årsplan for Rubbestadneset SFO - Skuleåret 2025/2026

Tilsette

  • Trine Fylkesnes
  • Kine Rasmussen
  • Hanna Røthe
  • Aina Waage
  • Renate Myren
  • Anna Emilie L. Augustson

Lærling:

  • Sanaa Yossof

 

 

Søknad om redusert foreldrebetaling. (PDF, 449 kB)