Kven kan få tilbodet?
Personar over 18 år som bur i kommunen.
Kva kan me tilby?
Tilbodet har som mål å førebyggja, behandla og bidra til at den einskilde kan meistra sine psykiske helsevanskar på ein betre måte. Ved å vera aktivt deltakande og jobba mellom timane vil du som søkjer oppnå eit betre resultat. Når ein mottek psykologisk behandling er det viktig å prioritera dette i den tida behandlinga pågår. Dette betyr å setta av tid og jobba med oppgåver jamt og trutt. Det er spesielt viktig å jobba aktivt mellom samtalane. For mange er ein viktig del av behandlinga digitale behandlingsprogram. Bømlo kommune nyttar programma i Assistert selvhjelp. Det fins mange ulike program som høver for ulike psykiske utfordringar. Til dømes fins det program retta mot ulike typar angst og bekymringar, søvnvanskar og depresjon. Desse har vist gode resultat og har ein god effekt når ein jobbar seg systematisk gjennom dei.
Det er forventa at ein kjem til avtalt time, viss ikkje timen passar eller noko er kome i vegen er det viktig at ein gjer beskjed. Viss ein ikkje kjem til fleire av timane utan å gje beskjed, kan tenesta bli avslutta.
Kva kan me ikkje tilby?
Om ein har behov for utredning, diagnostisering eller medisinering er ikkje psykisk helseteneste det rette tilbodet. Det fins og andre tilbod som ein kun finn i spesialisthelsetenesta eller andre, og ikkje kommunen.
Slik søkjer du:
Du søkjer digitalt via sikker innlogging:
Digitalt søknadsskjema Helse- og omsorgstenester
Skjema kjem då direkte til digital postkasse for vidare behandling.
For deg som ikkje har moglegheit til å søkje digitalt fins det eit skjema ein kan skriva ut og levera/senda:
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
Utfylt søknadsskjema sender du til Bømlo Kommune v/ Tenestekontoret, Leirdalen 25, 5430 Bremnes. Du kan og levere søknaden i Innbyggjartorget Bømlo folkebibliotek/kulturhus eller kvit postkasse på høgre vegg rett innfor inngangsdøra til rådhuset.
Forløp etter at søknad er sendt inn:
Etter at søknaden er levert vil tilsett på Tenestekontoret ta kontakt med deg innan 4 veker for ein kort kartleggingssamtale per telefon. Etter dette vert det gjort ei vurdering om du skal bli tildelt teneste.
For deg som får teneste vil ein i fyste samtale saman med behandlar gå gjennom kva psykiske helseplagar du opplev som gjer kvardagen utfordrande. Behandlar vil saman med deg sjå moglege områder å jobba med, samt forklara korleis ein vil jobba med dette. Som oftast vil behandlar skissera kor mange timar ein i utgangspunktet trur du vil trenge.
Målet frå behandlar si side er alltid å hjelpa deg på veg til å bli din eigen terapeut, som kan jobba vidare etter at behandlingskontakten er over. Ein vil ha avslutning av tenesta som tema fortløpande.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kor kan eg få meir informasjon?
Du kan ringe Tenestekontoret på telefon 53 42 34 70 eller ta direkte kontakt med Psykisk helse og rus (sjå under kontaktinformasjon).