Kor kan du ta prøva?
Du kan ta prøven på rådhuset. Ring 53 42 30 00 for å avtale tidspunkt. Det er nok å avtale nokre dagar i forkant.
Gjennomføring av prøven
- Prøven er ein fleirvalsprøve på 90 minuttar. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
- Prøven må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling.
- Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete).
- Du kan ta prøven på nytt heilt til du består.
Hugs å ta med gyldig legitimasjon som pass, førarkort, bankkort med bilete, eller nasjonalt identitetskort.
Kva kostar det?
Det kostar 400 kroner kvar gong du tar prøva.
Kva er pensum?
Det kan vere lurt å lese gjennom lærerheftet før du tar prøven. Du kan kjøpe pensum frå www.vinn.no
Prøvebevis
Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.
Aktuell lov