Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap

Om du ynskjer å skjenke alkohol mot betaling  må du søke om skjenkeløyve. Det er ulik søknad etter kva type arrangement / arrangør. 

Når treng du skjenkeløyve for enkeltarrangement?

 

- Om du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bryllaup, bursdag, jubileum eller firmaarrangement. Dersom arrangør er privatperson og ikkje arrangerer gjennom bedrift med serverings- og skjenkeløyve søker ein om eit ambulerande skjenkeløyve
 

 

- Dersom ein skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve enkelt høve 
  Når treng du ikkje søke om skjenkeløyve? 

Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol eller du serverer alkohol utan å ta betaling. 

 

Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve? 

- Løyvesøkjar må vere fylt 20 år, samt skjenkestyrar og reservestyrar. 

-Arrangementet skal skildrast så godt at ein slepp etterspørje informasjon. 

-Type arrangement og vakthald må vera grundig utfylt under relevant punkt i søknaden. 

-Det er eit krav at ein utarbeidar vaktplan/liste med vaktansvarleg og fører opp kontaktpersonar som er til stades under gjennomføring av arrangementet. 

-For større arrangement må ein i tillegg leggje ved oversiktskart, tryggleiksplan ol. 

 

Ved store offentlege arrangement med over 500 gjester skal både skjenkestyrar og reserveskjenkestyrar ha godkjent kunnskapsprøve i alkoholloven. Ved offentlege arrangement med meir enn 100 gjester krev ein at skjenkestyrar og/eller reserveskjenkestyrar har gjennomgått e-læringskurset ansvarleg vertsskap som Helsedirektoratet har utarbeida. 

 

Kor lang tid tek det? 

Du får vanlegvis svar på søknad om ambulerande skjenkeløyve innan ei veke.  

Det vil ta lenger tid å få svar på søknad om skjenkeløyve for eit enkeltløyve, då me her må spørje politiet om dei har merknader til arrangementet og vandel. Søk difor i god tid før arrangementsdato. 

 

Kva kostar det? 

Ved innvilga skjenkeløyve for enkeltløyve gjeld fylgjande satsar: 

- For arrangement inntil 450 personar: kr. 1000 

- For arrangement med meir enn 450 personar: kr. 6100 

- Dersom arrangementet strekk seg over fleire dagar i samband med større arrangement eller festival skal det takast gebyr for kvar av dagane, men maksimalt det løyvegebyret for skjenk er satt til i alkoholforskrifta § 6.2, per 2024 er sasen 6100 kr, den vert justert årleg. 

 

Lovar og forskrifter