Lise Notland Reserver Ofte stilte spørsmål Korleis bed eg om møte med saksbehandlar? Når du har funne den saksbehandlaren du ønsker å snakke med, trykk på "Reserver" for å sjå kalenderen og når den har ledig tid. Velg tidspunktet som passar best for deg.Fyll ut registreringsskjemaet så detaljert du kan, slik at saksbehandlaren kan være så førebudd som mogleg til møte.Førespurnaden vert sendt direkte til saksbehandlar. Du vil få en stadfesting på e-post om ønska tidspunkt er godtatt eller ikkje. Teams eller telefonMe har god kompetanse på effektiv og fleksibel rettleiing via Teams eller via telefonmøte. Ønsker du personlig oppmøte på rådhuset, avtaler du dette direkte med saksbehandlar. Kor langt møte kan eg få?Du kan booke møte på 30 minutt. Dersom du meinar du treng eit lengre møte, oppgje dette i kommentarfeltet i registreringsskjema. Kva kan eg få hjelp til? I møte med ein saksbehandlar kan du få rettleiing og svar på spørsmål du har i samband med byggesaker og tomtedelingar. Korleis kan eg avlyse eit avtalt møte? Dersom du må avlyse eit møte, må du ta direkte kontakt med saksbehandlaren du har avtalt møte med.Du vil få kontaktinformasjon til saksbehandlar på mail når møtet er stadfesta. Nøkkelinformasjon Avdelingar Arealbruk